– Vinterleg og fint, uansett kor ein er denne helga
Plus
– Det vert vinterleg, og fint uansett kor ein er i fylket denne helga. No er det om lag null grader, og sol, som er veldig deilig, innleiar Johanne Ordahl.
Ho er vakthavande meteorolog hjå Meteorologisk institutt, og varslar at det vil verta noko meir skya laurdag. Samstundes vil det også vera mogeleg å få glimt av sola i helga, og søndag ser det ut til å verta lange periodar med sol.
– I helga kan ein venta ein stad mellom fem og ti minusgrader. Det vert nok ei tørr helg, så ein kan ikkje venta påfyll av snø med det første, fortel Ordahl.
Påfyll av snø?
Utover den komande veke kan det skya meir til, og det kan koma snøbyer. Denne vêrtypen er venta frå havet, og meteorologen er usikker på om kysten vil få mesteparten av nedbøren.
– Det er usikkert kva form denne nedbøren kjem i, det kan starta som snø og gå over til sludd. Det er framleis ein del usikkerheit i prognosen, men det vert påfyll av snø i fjellet og ein kan venta betre skiforhold, seier meteorologen.
Fredag viser ho til at det bles ein del i fjellet, og at det har snødd ein del på fjellovergangane. Difor kan ein venta litt snøfokk, og Ordahl oppmodar dei som til dømes skal på hytta om å ta seg god tid.
Snøberedskap i kommunen – brøytemannskapa står klare