Kritisk dårlege forhold ved Svelgen oppvekst
Plus
På kommunestyremøtet den 18. desember vart det vedteke å investere i ein ny ungdomsskule i Svelgen, delvis rehabilitere barnetrinnet og med ein opsjon på full rehabilitering. Prosjektet er likevel framleis på eit tidleg stadium, og det er usikkerheit rundt kvar andre fasilitetar – som biblioteket, kulturskulen og lokale for frivilligsentralen – skal plasserast. Når sjølve bygginga og rehabiliteringa skal ta til, er uvisst.
Det som derimot er visst, er at arbeidstilhøva for elevar og lærarar er under ein kvar kritikk.
Fram til då må elevane greie seg med dagens bygg, som mange omtalar som skrøpelege. Firdaposten vitja Svelgen oppvekst og møtte elevrådsmedlemene Hedda Oline Myklebust og Iver Holm Corotzki for å dokumentere korleis tilhøva er for elevane som studerer der, både på ungdomsskulen og barneskulen, og spør dei lærerene om kva dei meinar må bli forbetra.