Når Bufdir gjer «jenter og gutar» til eit problem
Plus
Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, Bufdir, har no laga ein vegleiar om korleis lærarar og andre offentleg tilsette skal snakke om kjønn. På papiret høyrest det uskyldig ut: litt hjelp til å møte elevar med respekt. I praksis liknar det meir på ein manual for å bli stressa av heilt vanlege ord.
I vegleiaren blir det anbefalt at lærarar i størst mogleg grad skal bruke kjønnsnøytralt språk. Ein skal ikkje ta for gitt at det berre er jenter og gutar i klasserommet, ein bør unngå å snakke om «begge kjønn», ein bør styre unna «gutar» og «jenter» der ein kan seie «barn», «ungdom» og «elevar». Ein skal helst skrive «alle kjønn».
Og det stoppar ikkje der: heile logikken er at kjønn i praksis er noko kvar enkelt definerer sjølv, og at det dermed finst eit ope spekter av kjønnsidentitetar, i prinsippet utan noko øvre grense. Vi går frå to biologiske kjønn til ein ide om at det finst «omtrent uendeleg» med kjønnsvariantar, som skulen forventa skal spegle i språk og undervisning.
Midt i dette er det nesten så ein må minne om noko av det mest grunnleggande vi lærer nettopp på skulen: At det biologisk finst to kjønn: jente og gut, mann og kvinne. Det er ikkje hat eller ekstremisme å seie det, det er naturfag.
At nokre opplever kjønnsidentiteten sin som noko anna enn det biologiske kjønnet, er reelt og skal møtast med respekt. Men Bufdir oppfører seg som om sjølve erkjenninga av at det finst to biologiske kjønn er noko skulen helst bør pakke inn, relativisere og erstatte med eit nesten uendeleg «kjønnsspekter» som ingen klarer å ha oversikt over. Da snakkar vi ideologi, ikkje fag.
Og så blir det ekstra interessant når ein ser på kven som har vore med å utforme desse råda. Helt nedst i vegleiaren skriv Bufdir sjølv at dei, på grunn av «stram tidsplan», prioriterte å rekruttere folk med «kunnskap på skeiv tematikk», og at ekspertgruppa derfor ikkje representerer så mange ulike meiningar og erfaringar som dei sjølve meiner hadde vore ønskjeleg.
I ekspertgruppa finn vi rådgivarar på kjønnsmangfald frå Pasientorganisasjonen for kjønnsinkongruens og Foreningen FRI, juristar og rådgivarar frå Likestillings- og diskrimineringsombodet, Senter for likestilling og akademia, ein mangfaldskoordinator i politiet, ein prest, ein lektor, ein helsesjukepleiar, ein NAV-leiar og ein barnevernsleiar. I referansegruppa sit fleire frå fagforeiningar, kyrkje, helse og organisasjonsliv.
Det er i seg sjølv heilt uproblematisk at desse miljøa blir lytta til, men det er ganske talande kven som ikkje sit rundt bordet: ingen biologar, ingen barnelegar, ingen utviklingspsykologar, ingen foreldrerepresentantar, og ingen brei representasjon frå skulen utover éin lektor. Tyngdepunktet ligg tydeleg i likestillings-, forvaltnings- og aktivistmiljø, ikkje i naturfag, barneutvikling og klasseromserfaring frå vanleg grunnskule.
Bufdir kallar dette «faglege råd», men alle som har vore i nærleiken av det offentlege, veit kva det betyr i praksis. Når eit direktorat skriv vegleiaren, blir ho raskt brukt som fasit i kurs, planar, tilsyn og internkontroll. Rektor får spørsmål om skulen «følger dei nasjonale råda», lærarar blir målt på om dei er «inkluderande» nok i ordvalet, og den som held fram med å seie «gutar og jenter» i eit klasserom som faktisk består av gutar og jenter, risikerer å bli stempla som gammaldags eller lite sensitiv. Formelt er det berre råd. Reelt blir det norm.
Ingen ber om lov til å mobbe eller trakassere elevar som bryt med kjønnsnormer. Det burde vere sjølvsagt at det er nulltoleranse for latterleggjering, utskjelling og utfrysing på grunn av kjønn, legning og identitet. Og ja, dersom ein elev kjem og seier «eg vil bli kalla dette namnet, eg ønsker at du brukar desse pronomena», så skal ein anstendig vaksen møte det med respekt. Det treng vi ikkje ein direktoratmanual for å skjøne.
Men det er noko heilt anna enn å framstille det som problematisk at ein naturfaglærar snakkar om to biologiske kjønn, eller at kontaktlæraren seier «gutar og jenter, no må de setje dykk».
Når staten begynner å signalisere at det tryggaste er å late som om biologien eigentleg er eit uendeleg tal kjønn, då undergrev vi både fag og sunn fornuft.
Spørsmålet er kva slags skulemiljø Bufdir eigentleg ser for seg. Ein skule der lærarar går rundt med konstant språkangst, redde for å bruke feil ord, og heile tida må vurdere om «mor og far» er for drøyt, «begge kjønn» for snevert og «jenter og gutar» for gammaldags. Før ein opnar munnen, må ein nesten ha ein indre sjekkliste: Er dette politisk korrekt nok? Er denne setninga tilstrekkeleg kjønnsnøytral? Har eg no tatt høgde for alle tenkjelege kjønnsidentitetar? Det er ikkje tryggleik, det er usikkerheit.
Og alt dette skjer medan norsk skule slit med heilt andre, veldig konkrete problem: Leseresultata går ned, mattekarakterane heng etter, stadig fleire ungdommar rapporterer om psykiske plager, og lærarar trykkast ned av papirarbeid og tidsklemme. Svaret frå staten? Ein samtaleguide som brukar plass og prestisje på å rydde ut «begge kjønn» og «jentene og gutane», og inn «alle kjønn» og eit nær uendeleg sett med nye identitetskategoriar som knapt nokon bruker rundt eit vanleg norsk middagsbord. Det er nesten parodisk.
Det mest provoserande er kanskje at vegleiaren i botn uttrykkjer eit djup mistillit til lærarane. I staden for å seie: «De kjenner elevane dykkar, bruk fagleg skjønn, ver tydelege vaksne og slå hardt ned på mobbing», får dei servert detaljerte føringar for ordval og formuleringar. Haldningar og reell inkludering blir redusert til språkreglar. Som om ein klasse med dårleg miljø blir trygg av at læraren sluttar å bruke ordet «jenter», medan læraren ikkje klarar å fange opp dei som blir plaga og slit.
Det går faktisk an å halde to tankar i hovudet på ein gong: at vi biologisk i hovudsak har to kjønn, og at nokre menneske opplever kjønnsidentiteten sin på ein annan måte enn det som står i passet. Det første høyrer heime i naturfagsboka. Det andre handlar om korleis vi møter kvarandre som menneske.
Bufdir sitt problem er at dei prøver å gjere den eine tanken, biologien, mistenkeleg å seie høgt, i jakta på å vere mest mogleg «inkluderande».
Vi treng ein skulepolitikk som først og fremst er opptatt av at elevar lærer, meistrar og har det trygt. Vi treng ikkje ein språkpolitikk der direktorat får panikk av uttrykk som «gutar og jenter». Vi treng fleire varme, tilgjengelege lærarar som har tid til å sjå kvar enkelt elev, ikkje fleire PDF-ar frå Oslo som fortel dei kva ord dei har lov til å bruke.
Respekt kjem frå haldningar og handlingar, ikkje frå å viske ut biologien og vanlege ord frå tavla. Og det burde Bufdir, av alle, ha vore kloke nok til å forstå.