Herold

Støtte til Tinn også

Plus
Kilde: Rjukan Arbeiderblad Author: Egil Stensrud Published: 2025-11-26 13:51:56
Støtte til Tinn også

Kulturpolitikarane delte ut 3,2 millionar regionale kulturfond-kroner og 112 000 kroner til formidling av kulturarv - etter fylkesdirektørens tilråding. I tillegg fann dei 200 000 kroner til Telemark symfoniorkester, DNT Kyst og Telemark kunstmuseum. Marispelet ved Rjukanfossen fekk også støtte.

3,2 til inkluderande kulturliv

Regional verdi

Korps, kor og kunst

Fordelte kulturarv-restmidlar

Delte av eige budsjett

Då hovudutval for kultur, reiseliv og frivillighet hadde møte 19. november stod fleire tilskotsordningar på sakskartet. Det skriv utvalet i ein melding til media. I tillegg hadde ein søknader frå Telemark symfoniorkester. Dei ba om å få plass på lista over fleirårige samarbeidsavtaler, men søknadsfristen hadde gått ut.

Politikarane var opptatt av at det er det einaste symfoniorkesteret i Telemark, og valde å ta søknaden til følge. Dei løyvde 200 000 kroner frå eige rammebudsjett, der det sto igjen 1,8 millionar kroner før møtet starta.

– Eg har lyst til å invitere dykk til å fordele desse pengane på aktørar som gjer mykje godt for kultur, sa Gunn Marit Helgesen (H).

Utvalets leiar, Hilde Alice Vågslid (Ap) foreslo å halde eit ekstraordninært møte 26. november, for å fordele dei kring 1,1 millionar kronene som er att.

Regionale kulturfond er ei ny statleg ordning frå 2025 som er finanisert over statsbudsjettet. Fylkeskommunen forvaltar og deler ut tilskotsmidlane, og det var eit einstemmig hovudutval for kultur, reiseliv og frivilligheit som vedtok forslaget frå fylkesdirektøren.

Målet med ordninga er å bidra til eit ope, inkluderande og mangfaldig kulturliv.

Dei tre millionane til kunst- og kulturutvikling skal ha ein regional verdi. 63 søkte på ordninga, og søknadssummen var på over 16 millionar kroner. Dei som fekk tilliten er:

*Marispelet ved Rjukanfossen, 250 000 kroner *

Bø juniorspelemansslag, Landskappleiken 2028, 400 000 kroner

Jannicke AS, forestillinger: 150 000 kroner

Musikkforeningen Suoni, musikalen Baugeid: 80 000 kroner

Grenland friteater, Fredelige tider: 300 000 kroner

Greenlight, kunstfestival: 200 000 kroner

Ibsenhuset, Skien World: 220 000 kroner

*Norsk industrarbeidermuseum, Verdensarvteateret: 500 000 kroner *

Telemark museum og Teater Ibsen, ibsenformidling: 250 000 kroner

Skien kunstforening, Telemarksutstillingen: 100 000 kroner

Vest-Telemark museum, strikkeutstilling: 100 000 kroner

Sølvåren Ibsen formidlingssenter, filmprosjekt, 250 000 kroner

Seljord kunstforening, sommarutstillinga: 100 000 kroner

Bamble kommune, kystkultur og bygningsvern: 100 000 kroner

Her kan du sjå alle om søkte på ordninga for kunst og kulturutvikling

Honorarstøtte er ein del av den regionale kulturfond-ordninga, og politikarane fordelte 200 000 kroner slik fylkesdirektøren tilrådde. Det var i alt 46 søkarar til ordninga, seks fekk tildeling.

*Dei som deler potten er: *

Lunde Blæsekompani, workshop: 18 000 kroner

Messingen, samspillseminar: 47 000 kroner

Bamble Brass, julekonsert og seminar: 15 000 kroner

Borgestad Sokn, koret Euphoria: 30 000 kroner

Vestsiden musikkorps, instruksjon: 40 000 kroner

Galleri Hi10, workshop: 50 000 kroner

Her kan du sjå lista over alle som søkte på honorarstøtte

I førre møte hadde hovudutvalet tilskotsordninga formidling av kulturarv på agendaen. Det sto att nokre kroner, og politikarane fordelte desse midlane i møtet 19. november.

Ski og skimakarforeininga, SKI, hadde søkt på fleirårig samarbeidsavtale, men sidan prosjektet passa betre inn i støtteordninga for formidling av kulturarv, vedtok politikarane å flytte søknaden, og bruke restmidlane på SKI. Dei fekk 60 000 kroner.

Sauherad historielag fekk 10 000 kroner av restmidlane til å etablere minnesmerke over togulykka ved Hjuksebø i 150.

Den siste som får midlar av kulturarv-ordninga som utgår, er Meinstad Landhandel. Dei skal drive praktisk formidling av tradisjonshandverk og fekk 42 500 kroner.

Det var fleire tilskotssøkarar på sakslista til utval for kultur, reiseliv og frivilligheit, og poltikarane valde å løyve pengar frå eiga budsjettramme.

Telemark kunstsenter fekk 200 000 kroner til innkjøp av kunst til fast samling. DNT Kyst ba om støtte til prosjektet DNT Kyst ATV (Agder-Telemark-Vestfold) som arbeider for å sikre ålmenta tilgang til kystlinja.

Karivold film AS hadde også fått plass på sakskartet. Dei vil lage ein film om Theodor Kittelsen si oppvekst i Kragerø og familieelivet med Inga og deira ni barn.

🏷️ Extracted Entities (46)

Bamble (entity) Bamble Brass (person) Baugeid (entity) Borgestad Sokn (person) DNT Kyst (organization) DNT Kyst ATV (organization) Delte (entity) Euphoria (entity) Fordelte (entity) Fredelige (entity) Galleri Hi10 (organization) Greenlight (entity) Grenland (place) Gunn Marit Helgesen (person) Hilde Alice Vågslid (person) Hjuksebø (entity) Honorarstøtte (entity) Ibsenhuset, Skien World (organization) Inga (entity) Jan Egil Weiseth (person) Jannicke AS (organization) Kittelsen (entity) Korps (entity) Kragerø (entity) Kyst (entity) Landskappleiken (entity) Lunde Blæsekompani (person) Meinstad Landhandel (person) Messingen (entity) Musikkforeningen Suoni (organization) Regional (entity) Rjukanfossen (entity) SKI (entity) Seljord (entity) Skien (entity) Sølvåren Ibsen (person) Sør-Norsk Filmsenter (organization) Teater Ibsen (person) Telemark (place) Telemark museum (place) Telemarksutstillingen (entity) Theodor Kittelsen (person) Tinn (entity) Verdensarvteateret (entity) Vest-Telemark museum (place) Vestsiden (entity)