Ruud gifta seg i all hemmelegheit
Tennisstjerna Casper Ruud og Maria Galligani er blitt mann og kone, bekreftar manageren til NRK.
â Det stemmer at dei formelt har gifta seg, seier manager Tina Falster i ei melding til NRK.
Manageren seier at paret ikkje ynskjer merksemd rundt dette, ettersom at sjÞlve bryllaupsfeiringa vil finne stad pÄ eit anna tidspunkt.
Ventar barn
Tennisstjerna og Maria Galligani har vore forlova sidan 26. november 2024, dei har vore eit par sidan 2018.
I haust blei det ogsÄ kjent at paret ventar sitt fÞrste barn saman.
VENTAR BARN: Paret delte pÄ sosiale medium i haust at dei ventar barn.
Casper Ruud er for tida i Sydney i Australia for Ă„ spele United Cup. Han dannar det norske laget saman med Malene HelgĂž.
Etter helgas turnering ventar langt stÞrre oppgÄver for den norske tennisstjerna. DÄ ventar Australian Open, ei turnering der han historisk sett har slite. Det beste resultatet kom i 2021, dÄ han kom seg til 4. runde i turneringa. I 2025 rauk han ut allereie i 2. runde.
Blant verdas beste
Ruud er rangert som verdas 12. beste tennisspelar. I 2022 var han rekordhÞgt pÄ rangeringa, dÄ han var nummer to pÄ lista over verdas beste spelarar.
Han avslutta 2024 pÄ ein 6. plass, og har med det falle seks plassar pÄ verdsrankinga i lÞpet av 2025.
Casper Ruud er son av Christian Ruud, som var aktiv seint pÄ 90-talet. Han var pÄ det beste rangert som nummer 39 i verda.
I 2025 spelte nordmannen inn like under 40 millionar kroner. Totalt i karrieren har han innkassert 270 millionar kroner i premiepengar.