Startar verneprosess for Årøy naturreservat
Plus
Området inneheld edellauvskog, strandenger og delta med raudlista natur.
– Arealet me melder oppstart av verneprosess på er lokalisert på gards- og bruksnummer 4/1, 6/1, 7/2, 7/4 og 7/75, og er eigd av private grunneigarar. Det er ikkje signert endeleg avtale om vern mellom staten og grunneigarane som eig skog, så Statsforvaltaren tek atterhald om endringar i arronderinga av verneområdet, skriv Statsforvaltaren i Vestland i ei pressemelding.
Arealet det er varsla oppstart for ligg inst i Barsnesfjorden i Sogndal og har ein storleik på 2200 dekar.
Statsforvaltaren opplyser at dei over lengre tid har jobba i lag med grunneigarane om vern av den verdifulle naturen i området. Arbeidet inkluderer fleire overlappande verneoppdrag som Statsforvaltaren har fått frå Miljødirektoratet.
Vil sikra naturtypen for framtida
Ein verneprosess for Årøy naturreservat vil inkludera både frivillig skogvern av Munthemarki og supplerande vern av Nagløyri. Forslaget for marint vern av Sognefjorden vil grensa til kandidatområdet for Årøy.
I meldinga går det fram at Nagløyri er leveområde for eit stort mangfald av artar. Statsforvaltaren meiner det er få slike deltaområde som Nagløyri igjen langs Sognefjorden idag, ettersom deltaområde ofte blir fylte ut for å utvida areal til landbruk og industri.
– Som det einaste intakte deltaet i Sognefjorden er det derfor av stor verdi å sikra denne sjeldne naturtypen for framtida, meiner Statsforvaltaren.
Skogen i kandidatområdet blir omtalt av Statsforvaltaren som svært viktig for naturmangfaldet og raudlisteartar knytt til grov alm og rik edellauvskog.
Ønskjer informasjon
– God dialog med grunneigarar og andre lokale interesser er heilt sentralt i den vidare prosessen. Me ynskjer informasjon om korleis området vert brukt i dag, både i landbrukssamanheng, friluftsliv, kulturminne og eventuell anna bruk. Denne informasjonen, kombinert med det som er registrert av naturkvalitetar, vil danna eit betre kunnskapsgrunnlag i vurdering av vernereglane og avgrensing av verneområdet.
Statsforvaltaren ønskjer innspel til både vernereglar og vernegrenser, slik at prosessen og ulike tema kan bli så opplyst som mogleg. Når innspel til oppstartsmeldinga er vurdert, vil dei senda eit meir detaljert forslag til vern på høyring. Statsforvaltaren ber om innspel til oppstartsmeldinga innan 13. februar 2026.