Politiet ser på branntilløp som uhell med fyrverkeri
Plus
Første meldinga høyrdest dramatisk ut, men ingen kom til skade.
– Politiet fekk melding eit kvarter etter midnatt om at det var tilløp til brann på Mollandsmarki, fortel politioverbetjent Erik Skjerdal ved Sogndal politistasjon.
Hendinga skjedde ved skyttarhuset på Hillestadstølen, der det var ein privat fest.
– Patruljen har ikkje vore på staden, dei var opptekne med andre oppdrag. Branntilløpet viste seg å vera eit fyrverkeribatteri som hadde falle ned, og blitt liggjande. Det tok fyr, slik at det var open eld og røyk kring batteriet. Det var ikkje fare for spreiing.
Brannvesenet rykte ut
– Me fekk melding om brann i ein bygning klokka 00.13. Meldinga gjekk ut på at det var sannsynlegvis sløkt av dei som var på staden, men me rykte ut og utrykkingsleiar var framme og hadde dialog med dei på staden. Då var det sløkt og alt greitt.
Det fortalde Olav Helge Ylvisåker, overordna vakt hjå Sogn brann og redning til Sogn Avis på morgonen første nyttårsdag.
Uhell med fyrverkeri
Politiet ser på hendinga som eit uhell.
– Dette vert ikkje noko politisak, det blir vurdert som eit uhell ved bruk av fyrverkeri, seier Skjerdal.
Nyttårshelga gjekk elles roleg føre seg på festfronten, ifølgje politiloggen. Men politiet var ikkje utan oppdrag. Du kan mellom anna lesa meir om biljakt på Kaupanger her.