Vil du gifta deg?
Plus
Bergsdalen sokneråd ønskjer å leggja til rette for at alle som vil, skal kunna gifta seg i Bergsdalen kyrkje på Valentinsdagen 14. februar.
Leiar i Bergsdalen sokneråd, Kari Rødland, håpar at folk tek sjansen til å gifta seg på sjølve Valentinsdagen.
- Me tenkte det kunne vera litt artig med fjellbryllaup på den dagen, som ved eit tilfelle fell på ein laurdag. Me ønskjer at så mange som vil skal få gifta seg den dagen, så langt tida rekk. Med fint vêr den dagen trur me at Bergsdalen og kyrkja på Lid kyrkje kan vera ei veldig fin ramme for giftarmål, seier ho.
Middag på Bergsdalstunet
Dei har også tenkt på det som skjer etter bryllaupet.
- Me har innleia eit samarbeida med Bergsdalstunet, og det er høve til å ha middagen der om ein vil, seier Rødland.
Populær kyrkje
Sokneprest for Dale, Bergsdalen, Eksingedalen og Nesheim, Frode Kvamsøe, seier dette kan bli artig å prøva.
- Me er klare til å via folk frå tidleg til seint. Det er ei populær, intim og lun kyrkje på Lid, og dei para som er interesserte kan berre ta kontakt med meg for ein prat innan 15. januar. Men soknerådet tek ikkje på seg ansvaret for å finna ektefelle til dei som ikkje ordnar slikt sjølv, ler Kvamsøe.