No kan du stå på ski både i Tveitedalen og Fjellhaugen
Plus
Det er kome snø både i Tveitedalen i Fjellhaugen skisenter, og vêrmeldingane ser lovande ut både i helga og neste veke.
Idrettslaget Ternen melde om flott vinterføre i Tveitedalen på Facebook-sida si på årets første dag (torsdag 1. januar):
«I skrivande stund er det nett brøyta veg, og Olav Sindre er ute på løypekøyring. Kva meir kan ein ynskja seg? Lysa er på til klokka 21, så det er berre å hiva seg rundt! Velkomen til dalen».
Også på Fjellhaugen skisenter si Facebook-side står det at 2026 har starta lovande, med nysnø og melding om kalde dagar framover:
«Ljosløypa er køyrt med maskin, ikkje sporsett, men heilt grei for skøyting. Vi har starta med snøproduksjon, og kjem til å produsera jamt framover. Det vil difor bli ein del maskinarbeid i og rundt løypene, så vi ber brukarane av ljosløypa vera obs på det. Velkomne til fjells!» står det i eit innlegg 1. januar.
Då vi sjekka Yr.no fredag morgon såg det ut til at minusgradene held fram til og med neste helg. Måndag kan det til og med koma litt meir snø.