Herold

Uttale frå Naturvernforbundet til Kvinnherad kommune

Plus
Kilde: Kvinnheringen Author: Mari Teigen Varanes Published: 2026-01-02 07:09:45
Uttale frå Naturvernforbundet til Kvinnherad kommune

Naturvernforbundet i Kvinnherad vil med dette koma med innspel til den varsla reguleringsplanen for Fjellhaugen Skisenter.

Det pågår allereie omfattande naturinngrep i Fjellhaugen-området. SKL har starta bygging av nytt kraftverk, FAGNE planlegg oppstart av kraftlinje frå Tøsse til Storebjørnsli neste år. Arbeidet med ny kraftlinje frå Gismarvik til Blåfalli er starta. Om ikkje lenge kjem også høgspentlinja frå Sauda til Blåfalli og vidare til Øygarden. Desse omfattande tiltaka vil få alvorlege konsekvensar for naturmangfaldet i Kvinnherad. No vil kommunen i tillegg starta planlegginga for tilrettelegging av ei omfattande utbygging i Fjellhaugen Skisenter, med forslag som:

  • Utviding av parkeringsareal og bubilparkering
  • Rulleskiløyper og skiskyttararena
  • Skileikarena og nye fasilitetar for maskinar og utstyr
  • Grunnpreparering av alpintrasear med drenering og grøfting
  • Sprenging av fjell og utbetring av vegar

I saksframlegget til formannskapsmøtet 15.05.2025 heiter det at reguleringsplanen skal sikra at «anlegg blir bygd ut etter heilskapleg plan og at omsyn til naturverdiar og miljø vert ivaretekne». I det same saksframlegget blir det altså føreslege at myrområde skal fjernast/drenerast ut. Fjell og knausar skal sprengjast bort. Vegar skal utbetrast. Meir asfalt skal leggjast. Korleis kan slike tiltak ta vare på naturverdiar? Konsekvensen blir mindre plass til fuglar, planter og dyr. Endå meir av allereie minkande leveområde til naturen vert fjerna, og naturmangfaldet vil bli endå fattigare.

Myr er den naturtypen på landjorda som lagrar mest karbon per arealeining, og er heimen til svært mange artar, både planter, insekt, fuglar og dyr. Miljødirektoratet ønskjer å forby all bygging i myr som ikkje er absolutt nødvendig (Forslag om endring av plan- og bygningsloven - forbud mot nedbygging av myr - miljodirektoratet.no). Asfalterte rulleskiløyper i fjellheimen er ikkje absolutt nødvendig.

Kommunestyret vedtok i juni å utarbeide ein forvaltningsplan for raudlista fuglar og leveområda deira. I Kvinnherad finn me 31 fugleartar som er raudlista (oppdatert oversikt over raudlista fugleartar i Kvinnherad er sendt til kommunen, frå Birdlife). I tillegg er det markant nedgang i fleire andre artar som sannsynlegvis vil koma på raudlista. Fleire av desse fuglane har Fjellhaugen og området rundt som hekkeområde. Naturvernforbundet meiner det ikkje er foreinleg med ein slik forvaltningsplan og samstundes leggje til rette for endå meir omfattande nedbygging av natur i Fjellhaugen.

Dei siste åra har det vore lite snø i Kvinnherad, og det har vore vanskeleg å halde skitrekket ope. Dette er synd. I saksframlegget til reguleringsplanen står det at det er nødvendig å «klimatilpassa aktivitetsområdet til både vinter- og sommaraktivitetar», sidan varmare klima gir mindre snø. Me opplever det som eit paradoks at klimaendringar blir brukt som argument for denne reguleringa. Me skal altså «fiksa» konsekvensane av dei menneskeskapte klimaendringane ved asfaltering av myrlandskap og sprenging av knausar. Dette er ikkje «tilpassing», det er øydelegging. Varmare klima og mindre snø er ikkje eit argument for å gjera endå større inngrep i naturen. Det er derimot eit tydeleg varsel om at me må endra kurs.

Me prøver igjen å løysa ei klimakrise ved å skapa ei naturkrise. Dette har me halde på med lenge, også i Kvinnherad, gjennom omfattande kraftutbygging og store naturtap. Likevel er argumenta for at me treng grøn kraft enklare å forstå. Asfalterte rulleskiløyper og bubilparkeringar derimot, kan heller byggjast rundt idrettsbanar og næringsparkar i låglandet – så slepp naturen å betala prisen for det også.

Kven i Kvinnherad kommune er det som talar naturen si stemme? Finst denne kompetansen i Kvinnherad? Tilsette og politikarar i Kvinnherad kommune utfører mange viktige oppgåver, og ei av dei er ansvaret for å forvalta naturen og miljøet i kommunen. Når den eine forskingsrapporten etter den andre ropar ut at me står midt i både ei klimakrise og ei naturkrise, og når me til og med kan sjå det med våre eigne auge, i vår eigen kommune, er dette ei oppgåve som må prioriterast og takast på høgste alvor. Me oppmodar lokalpolitikarane til å visa at Kvinnherad kommune vil følgja opp nasjonale og internasjonale forpliktingar, som Montreal-avtalen, og minnar om den viktige oppgåva det er å vera ei stemme for naturmangfald og naturverdiar også.

Naturvernforbundet ber kommunen om å stansa arbeidet med reguleringsplanen for Fjellhaugen Skisenter umiddelbart. Midlane som er sett av til planarbeidet (om lag 1 million kroner) kan heller nyttast til å utarbeida og gjennomføra forvaltningsplanen for raudlista fuglar og leveområda deira.

Naturvernforbundet i Kvinnherad

🏷️ Extracted Entities (12)

Naturvernforbundet i Kvinnherad (organization) Fjellhaugen Skisenter (person) Blåfalli (entity) Birdlife (entity) FAGNE (entity) Forslag (entity) Gismarvik (place) Montreal-avtalen (entity) Sauda (entity) Storebjørnsli (entity) Tøsse (entity) Øygarden (entity)