Herold

Bremanger - ansvarleg leiarskap, ikkje ville vegar

Plus
Kilde: Firdaposten Author: Anne Kristin FĂžrde, OrdfĂžrar i Bremanger kommune Published: 2026-01-02 03:46:00
Bremanger - ansvarleg leiarskap, ikkje ville vegar

Debattinnlegget til Sveinulf VÄgene teiknar eit bilete av eit kommunestyre som lyg, rundlurer veljarane og raserer naturen utan etikk og ansvar.

Les innlegget her: Bremanger kommune pÄ ville vegar

Det er sterke skuldingar, og nettopp difor er det viktig Ă„ rydde i fakta, ansvar og prinsipp.

For det fĂžrste:

Bremanger kommune har ikkje vedteke Ä byggje vindkraftverk. Kommunestyret har vedteke Ä opne for utgreiing av mogleg vindkraft i nokre omrÄde. Ei utgreiing er nettopp det ordet seier: ei undersÞking.

Ho skal gi kunnskap om konsekvensar for natur, landskap, friluftsliv, kulturminne, nĂŠrmiljĂž og lokalsamfunn – og ho skal gi grunnlag for Ă„ seie ja eller nei seinare. Å framstille dette som ferdig avgjort utbygging er feil.

For det andre:

Det blir hevda at politikarane har brote vallovnader. Valkamp og politiske svar i valgomatar handlar om haldningar og retning – ikkje om Ă„ stenge dĂžra for all framtidig kunnskap. Å vere ansvarleg vald politikar betyr Ă„ ta avgjerder pĂ„ grunnlag av oppdatert informasjon, endra rammevilkĂ„r og heilskaplege vurderingar, ogsĂ„ etter eit val. Alternativet er Ă„ fryse politikken fast – uavhengig av nye behov, nye krav og nye moglegheiter. Det tener verken demokratiet eller innbyggjarane.

For det tredje:

Samanlikningar med nashornjakt, potensmiddel og moralsk forfall bidreg ikkje til ei opplyst samtale. Dei polariserer og sĂ„r mistillit. Bremanger-politikarar er ikkje kyniske naturĂžydeleggjarar. Vi er folkevalde som kvar dag mĂ„ balansere naturvern, nĂŠringsutvikling, arbeidsplassar, kommunale tenester og framtidsutsikter for ein kommune som – som mange andre – stĂ„r i hard konkurranse om bĂ„de folk og ressursar.

Bremanger har ein vedteken samfunnsplan som blant anna seier at vi skal nytte dei naturgitte fortrinna vĂ„re til vekst og utvikling, samtidig som vi tek vare pĂ„ natur, miljĂž og lokalsamfunn. Det er nettopp dette spennet ei utgreiing skal belyse. Utan kunnskap tek vi ikkje gode avgjerder – korkje for eller imot.

NÄr det gjeld Þkonomi og skulebygg:

Ja, Bremanger har hatt gode driftsresultat dei siste Ă„ra, og det er bra. Men ansvarleg Ăžkonomistyring handlar ikkje berre om dagens overskot – det handlar om langsiktig berekraft, investeringar, demografi, vedlikehald og framtidige inntekter. Å sikre gode skular, trygge tenester og attraktive lokalsamfunn krev meir enn Ă©in budsjettperiode.

Til slutt:

Eg deler engasjementet for naturen. Eg forstÄr uro og motstand. Det skal vere rom for usemje, kritikk og sterke meiningar. Men eg kan ikkje stille meg bak ei framstilling der politiske motstandarar blir skulda for lÞgn, svik og moralsk forfall fordi dei tek ansvarlege, lovlege og demokratiske steg for Ä skaffe kunnskap fÞr avgjerder blir tekne.

I Bremanger flyttar vi ikkje «gjerdestolpane» for etikk og demokrati. Vi stĂ„r stĂžtt i dei – ogsĂ„ nĂ„r debatten er krevjande.

đŸ·ïž Extracted Entities (2)

Bremanger (entity) Sveinulf VÄgene (person)