Herold

Avliva hjort med tarmane hengande ute – mistenker tjuvjakt

Plus
Kilde: Firdaposten Author: Svend Arne Vee Published: 2026-01-02 04:03:00
Avliva hjort med tarmane hengande ute – mistenker tjuvjakt

– Ei kjedeleg sak. Eg håpar folk i Kalvåg er bevisste og følgjer med.

Det seier Harry Gulestøl. Han er valdleiar på Frøyalandet Aust, Frøyalandet Vest og Liset.

Det var på årets siste dag av hjortejakta at ein jeger, ute på ordinær hjortejakt, observerte ei hjortekolle ved Skorkinna i Kalvåg. Jegeren konstaterte raskt at dyret hadde svært alvorlege skader, og dyret blei felt og avliva av omsyn til dyrevelferda.

– Det viste seg å vere ei rett avgjerd. Dyret var treft i bakparten og i buken, og tarmar hang på utsida av dyret då det blei avliva, fortel Gulestøl, som har sterke mistankar om at det pågår ulovleg hjortejakt i området, og at hendinga 23. desember ikkje var noko eingongstilfelle.

Ulovleg påskoten døgnet før

– I eit tilgrensande område er det tielgare funne daud hjort der berre låra er skorne av og tatt med. Ingen jegerar som jaktar lovleg ville handtert eit verdifullt hjorteslakt på den måten, seier han.

Kart med ID 452336

Gulestøl leier tre av fire vald på øya, og han tok umiddelbart kontakt med den fjerde parten som har jaktrett i området. Dei kunne raskt avklare at dei ikkje stod bak påskytinga, då dei ikkje hadde jakta i sitt terreng på fleire veker.

– Den avliva hjortekolla blei flådd og slakta, og jegerane anslo at påskytinga hadde skjedd i løpet av dei siste 24 timane. Eit anna moment som peikar tydeleg i retning av tjuvjakt, var at dyret var påskote med heilmantla ammunisjon. Det betyr at kula som skal avlive dyret ikkje ekspanerer og utvidar seg, og dermed ikkje sikrar human avliving slik ei rett plassert jaktkule skal gjere. Slike kuler er ulovlege til bruk på hjortejakt.

Kan gi store lidingar

Gulestøl var ikkje i tvil om at politiet skulle involverast i saka.

– Saker som dette må kome fram i lyset, fordi det er snakk om unødvendig liding for dyr. I tillegg er det jo ulovleg, og slik framferd undergrev tilliten til dei som jaktar lovleg, seier valdleiaren.

Gulestøl peikar også på at ein som jaktar hjort ulovleg, heller ikkje har tilgang på dei lovpålagte støttefunksjonane som jegerar som jaktar lovleg har.

– Viss du skadeskyt under tjuvjakt, så har du heller ikkje eit ettersøkslag du kan ringe. Når dyr blir skadeskotne og ikkje spora opp og avliva, kan dei gå og li lenge.

Gulestøl håpar auka merksemd i media rundt slike saker, kan gjere folk meir bevisste på problemet – og i beste fall førebyggje at det skjer.

Ulovleg jakt kan svi

Om politiet skulle etterforske seg fram til ein eller fleire gjerningspersonar som står bak slik tjuvjakt, så er konsekvensane for tjuvjegerane kanskje større enn kva dei trur.

I tillegg til bøter og fengsel inntil eitt år, må ein også rekne med tap av jaktrett og inndraging av våpen.

Men rettssystemet kan gi deg meir straff som verkeleg kan svi økonomisk om du blir teken for naturkriminalitet: Dei kan også konfiskere utstyr som er brukt under den ulovlege jakta. Det betyr i praksis at pickupen du brukte for å frakte bort hjorten, eller båten du brukte for å kome deg ut på øya og tjuvjakte, også kan bli beslaglagt.

Sanksjonane er heimla i eit breitt spekter av lover, inkludert viltressurslova, naturmangfaldslova, våpenlova og straffelova.

Kva er det som får folk til å trasse styggever, kulde, mørke og slit for å gå på hjortejakt?

Dei må ofte hjelpe sjåførane før dei kan leite opp hjorten

No vil fagfolka kartlegge kor mange jegerar som brukar slike

🏷️ Extracted Entities (7)

Harry Gulestøl (person) Kalvåg (entity) Frøyalandet Aust (person) Frøyalandet Vest (person) ID (entity) Liset (entity) Skorkinna (entity)