Herold

Kritisk til det estetiske: - Heilt naudsynt, seier kirkevergen

Plus
Kilde: Telen Author: Jens Marius Hammer Published: 2026-01-01 19:00:00
Kritisk til det estetiske: - Heilt naudsynt, seier kirkevergen

Presenningar har møtt dei besøkande ved Heddal stavkyrkje i jule- og nyttårsdagane. Runar Tjønnheim er sterkt kritisk til at det vakre ved kyrkja ikkje blir teke betre vare på ved denne perla blant norske stavkyrkjer. – Eg er ikkje åleine om å meine at fagfolk må kunne gjere det på ein annan måte. No er det til sjenanse.

Oppsummering 'Kort oppsummert'

Heddølen Runar Tjønnheim er både stolt og glad i stavkyrkja, men denne jula har han vore flau over korleis dei besøkande ved gravplassane og kyrkja blir møtte. Blå, stygge presenningar, grisete grunnmur på kyrkja fleire stader, og inntrykket blir forsterka av sperreband i plast.

Grus på taket?

– Eg sperra opp augo då eg såg på taket på begge portalene inn til kyrkja og kapellet. For meg ser det ut som det er grus som er blanda inn i tjære som ligg på taket i store mengder. Tjæra ligg også i små "haugar" enkelte stader på sjølve stavkyrkja, seier heddølen som har drøfta saka med andre som har vitja kyrkjegarden i julehøgtida. Domen er knusande.

– At stavkyrkja må vedlikehaldast er ingen kritisk til, men måten det er gjort på meiner eg ikke held. Når det fleire stader er slumsa med tjære på dei vakre steinane som danner grunnmuren, er det berre trist, meiner Tjønnheim.

Kyrkjeverje Håvard Jørgen Russnes har ei forklaring.

Krav frå Riksantikvaren

– Eg kan sjå at Tjønnheim og andre kan vere kritiske til dette. Eg har sett bileta som Telen har teke på staden. Bileta som viser det Tjønnheim antar er grus i tjæra, er ikkje det. Bileta viser tjære, kol og is og slik vert det i ei blyrenne. Vi er veldig forsiktige med å rense her, då det fort går hull i blyrenna, seier Russnes. Om det som opplevast som grus eller knust fjell på taka - legg han til:

– Dette er kol som blandast i tjæra og som er ei oppskrift som Riksantikvaren har pålagt oss å bruke i vedlikehaldet av Stavkyrkja, seier Russnes og forklarer òg kvifor det kan renne noko tjære på steinane i grunnmuren på kyrkja.

– Biletet der Tjønnheim held i duken er eitt av fleire punkt der det er vanskeleg å få festa filtduken. Filtduken festar me så godt som mogleg med kilar og teip slik Riksantikvaren ber om, for å få minst mulig tjære på muren. Når det gjelder tjære på kyrkjemuren er det vanskeleg å unngå at det vert slik. At det står slik på denne tida, har si årsak i at me tjæra fram til midten av november. Tjæra er i bevegelse og kan renne inntil eit år etter at den er lagt på, forklarar Russnes.

Vern av kyrkjegardsmuren

Russnes gjer det klart at plastvernet av kyrkjegardsmurane ved portalen inn til kyrkja og til kapellet er gjort for å ta vare på murane. Storleiken på vernet kan verke særs stor. Russnes forklarar:

– Plastikken på kyrkjegardsmuren er for å beskytte muren mot tjæredrypp frå portalen. Ved vind bles tjæredråpane bortover muren, derfor går den så langt bort. Filtduk og plastikk blir fjerna så snart det let seg gjere på våren eller sommaren. Vi håpar sjølvsagt at det kan gjerast på vårparten, men vi får ulike tjærefraksjonar frå gong til gong, så vi veit aldri kor lang tid det tek før den sluttar å renne.

Alt arbeid me utfører på Stavkyrkja er etter råd og godkjenning frå Riksantikvaren. På same måten set me opp sperrebånd for å hindre at folk får tjære på seg, seier Russnes – klar på at naudsynt vedlikehald med tjære tar vare på Noregs største stavkyrkje for framtida.

🏷️ Extracted Entities (8)

Kyrkjeverje Håvard Jørgen Russnes (person) Biletet der Tjønnheim (organization) Riksantikvaren (entity) Heddølen Runar Tjønnheim (person) Stavkyrkja (entity) Heddal (place) Noregs (entity) Oppsummering Kort (person)