Herold

Støre i nyttårstala: – No tar me Høgblokka tilbake

Kilde: NRK Author: Silja Björklund Einarsdóttir Published: 2026-01-01 18:29:50
Støre i nyttårstala: – No tar me Høgblokka tilbake

15 år etter terroråtaket er statsministeren tilbake i regjeringskvartalet for nyttårstalen.

Statsministerens nyttårstale er ein årleg tradisjon.

Sjølv om statsministrar og dei faktiske orda vert bytte ut, har talene ofte fleire fellestrekk. Dei handlar gjerne om fellesskap, om kva Noreg er og kva Noreg treng.

Lenge vart dessutan tala halden meir eller mindre same stad også: på Statsministerens kontor i regjeringskvartalet.

Det endra seg i 2011. Terroråtaket 22. juli tok livet av 77 menneske, 8 av dei i regjeringskvartalet. Heile området vart dessutan øydelagd.

Medan gjenoppbygginga har gått føre seg, har tala vore halden i statsministerbustaden.

Nyttårstala 2026 er dermed den fyrste på 15 år frå regjeringskvartalet.

– I kveld er eg i Høgblokka, midt i regjeringskvartalet i Oslo, opnar statsminister Jonas Gahr Støre (Ap).

Fyrste del av det nye regjeringskvartalet står klart til innflytting.

Støre: Eit symbol på demokrati

Arbeidet med nytt regjeringskvartal har gått føre seg i fleire år.

– Frå før av har AUF tatt Utøya tilbake. No tar me Høgblokka tilbake, bygget frå 1958 er reparert og gjenoppbygd, seier Støre.

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) taler til folket.

Han held fram med å skildra bygget som eit symbol på demokrati og fellesskap.

– Men 22. juli 2011 vart denne bygninga også eit symbol på smerte og tap for heile nasjonen, seier han.

Til NRK seier han at det var eit kjenslefylt gjensyn med Høgblokka då han og andre var på synfaring der.

– I haust fekk eg sjå at Høgblokka var reparert og gjenoppbygd, klar for å ta imot mange av dei som er på jobb for demokratiet. Det var sterkt. Tanken om å spela inn nyttårstalen i Høgblokka kom då eg gjekk rundt i gangane der.

Ved nyttår var fyrste del av bygginga ferdig. I 2026 flyttar statstilsette inn i tre av bygga: A-blokka, Høgblokka og D-blokka.

– Noreg har eit ope demokrati. Difor har me lagt vekt på at me framleis skal ha eit ope regjeringskvartal. Der det er park og møteplassar for alle, og ein minnestad, seier Støre i tala.

Heile regjeringskvartalet er ferdig fyrst i 2029. Prosjektet låg opphavleg an til å kosta 36,5 milliardar kroner ifølge ein ekstern rapport.

Prislappen endar truleg på over 53 milliardar kroner.

– Større alvor i verda

Statsministeren går vidare til å snakka om tryggleik.

– I fjor fekk eg eit brev frå elevar i 5. klasse på Isfjorden skule i Møre og Romsdal. Dei spurde: «Er det fare for krig i Noreg?». Eg forstår at det spørsmålet vert stilt. Det er eit større alvor i verda. Det er krig i Europa.

– No tar me Høgblokka tilbake, seier Støre mellom anna i tala.

Støre seier at me må vera førebudde på at Noreg kan verta råka av krig, men understrekar at korkje Noreg eller Nato truar nokon.

– Og vår vurdering er at Russland ikkje ser seg tent med ein væpna konflikt mot Noreg, eit Nato-land.

Han trekk òg fram at Stortinget er einige om ein plan for å styrka Forsvaret og mykje støtte til Ukraina.

Høg valoppslutning

Demokrati og fellesskap er gjennomgåande tema i tala til Støre.

– Noreg er eit trygt land. Med god økonomi, små forskjellar, moglegheiter for alle i heile landet, høg tillit mellom folk. Og som fjoråret viste: eit levande demokrati, seier han og viser til stortingsvalet i haust.

80 prosent av dei med stemmerett, stemte nemleg. I sametingsvalet var det 74,2 prosent. Òg i skulevalet var det høg oppslutning.

– Dette er ikkje berre tal, men eit bevis på at me bryr oss, at me vil påverka og verta høyrde, seier statsministeren.

🔗 Related Articles (11)

View Graph
Støre i nyttårstalen: – Må være forberedt på at krig kan ramme Norge
Aftenposten · 2026-01-01 18:32:27 +
Jonas Gahr Støre Ap Norge Høyblokka NTB-Amalie Vadla Statsministerens Støre
Støres nyttårstale: – Må være forberedt på at krig kan ramme Norge
VG · 2026-01-01 18:45:00
Norge Jonas Gahr Støre Nyheter Jonas Gahr Støre Regjeringskvartalet nyttårstale Høyblokka Line Nærsnes Adolescence Europa Isfjorden Justisdepartementet Markus Botnen Møre NATO-land Romsdal Russland Statsministerens Ukraina
– Nå tar vi Høyblokka tilbake
Romsdals Budstikke · 2026-01-01 18:58:21
Høyblokka Norge og verden Ap Jonas Gahr Støre
Valgte nytt sted for nyttårstalen: – Et symbol på vårt demokrati og vårt fellesskap
ØP · 2026-01-01 18:55:40 +
Jonas Gahr Støre Norge Høyblokka Statsministerens AUF Ap Arbeiderpartiets Didrik Europa Isfjorden Klepp Markus Botnen Møre Rogaland Romsdal Ståle Solbakken Utøya
Se statsministerens nyttårstale: – Nå tar vi Høyblokka tilbake
Avisen Agder · 2026-01-01 18:48:00 +
Høyblokka Jonas Gahr Støre Norge AUF Statsministerens Utøya Ap Arbeiderpartiets Europa Isfjorden Klepp Markus Botnen Møre Rogaland Romsdal Ståle Solbakken
Statsministeren i nyttårstale: – Nå tar vi Høyblokka tilbake
Nordlys · 2026-01-01 18:42:12 +
Høyblokka Line Nersnæs Støre Norge Regjeringskvartalet Markus Botnen OSLO Nettavisen Russland AUF Einar Gerhardsens plass Iran Jonas Gahr Støre Ap Justis Kina Knut NATO-land Nord-Korea Stortinget Ståle Solbakken Ukraina Utøya
Statsministeren i nyttårstale: – Nå tar vi Høyblokka tilbake
Nettavisen · 2026-01-01 18:42:12 +
Høyblokka Line Nersnæs Støre Norge Regjeringskvartalet Markus Botnen OSLO Nettavisen Russland AUF Einar Gerhardsens plass Iran Jonas Gahr Støre Ap Justis Kina Knut NATO-land Nord-Korea Stortinget Ståle Solbakken Ukraina Utøya
Statsministeren i nyttårstale: – Nå tar vi Høyblokka tilbake
TK · 2026-01-01 18:42:12 +
Høyblokka Line Nersnæs Støre Norge Regjeringskvartalet Markus Botnen OSLO Nettavisen Russland AUF Einar Gerhardsens plass Iran Jonas Gahr Støre Ap Justis Kina Knut NATO-land Nord-Korea Stortinget Ståle Solbakken Ukraina Utøya
Støre holder nyttårstalen sin i det nye regjeringskvartalet: – Nå tar vi Høyblokka tilbake
Romerikes blad · 2026-01-01 18:38:08 +
Høyblokka Jonas Gahr Støre Norge AUF Statsministerens Utøya Ap Arbeiderpartiets Europa Isfjorden Klepp Markus Botnen Møre Rogaland Romsdal Ståle Solbakken Åråsen
– Nå tar vi Høyblokka tilbake
Dagsavisen · 2026-01-01 18:33:53
Høyblokka Norge Støre Jonas Gahr Støre Ap 22. juli 2011 Høyblokka Innenriks Jonas Gahr Støre Nyheter Regjeringskvartalet nyttårstale AUF Statsministerens Utøya Arbeiderpartiets Europa Isfjorden Klepp Markus Botnen Møre Rogaland Romsdal Ståle Solbakken
Støre holdt nyttårstalen sin i det nye regjeringskvartalet: – Nå tar vi Høyblokka tilbake
ABC Nyheter · 2026-01-01 18:31:07
Høyblokka Jonas Gahr Støre Norge nyheter Innenriks Kriminalitet Kriminalitet og rettsvesen NTB Norge Nyheter Startsiden Terrorangrep konflikt krig og fred krig og konflikter kriminalitet rett og rettsvesen terrorisme AUF Statsministerens Utøya Ap Arbeiderpartiets Deler Europa Isfjorden Klepp Markus Botnen Møre Rogaland Romsdal Ståle Solbakken

🏷️ Extracted Entities (21)

Høgblokka (entity) Noreg (entity) Norge 📁 (category) Politikk 📁 (category) Støre (entity) Nato (entity) AUF (entity) D-blokka (entity) Europa (entity) Forsvaret (entity) Isfjorden (entity) Jonas Gahr Støre Ap (person) Jonas Gahr Støre Ap).** (person) Møre (entity) Oslo (place) Romsdal (place) Russland (place) Statsministerens (entity) Stortinget (entity) Ukraina (entity) Utøya (entity)

📊 Metadata

Category: Norge, Politikk