Spørsmål til Svein Erik Burud
Plus
I heradstyret 18.12.2025 sa Burud at Voss Høgre meiner det ikkje er nok næringsareal på Voss, det er for få typar næringsareal. Han meinte kommunalsjefen sa det samme, at det er trong for meir næringsareal.
I saksframlegget til områdereguleringsplan for Bømoen, kan ein finna oversikt over ledig næringsareal. Utarbeida av Teknisk etat til handsaming i heradstyret 16.6.2024.
Ledig næringsareal på Voss er 800 mål.
Det er 10 gonger større enn Vangen sentrum. Type næringsformål som er lista opp er handel, industri, plasskrevjande verksemder, masseuttak, deponi, lager, tenesteyting, kontor, forretning, næring kombinert med bustad og store asfalterte flater. I tillegg til dei ledige næringsareala på 800 mål, er tomme lokale, kontor og butikkar på Vangen og andre stader.
Etter 2024 er det kome fram at det er eit stort potensiale for utnytting av grunnvassvarmen også i Bjørkemoen, eit grått areal på 793 mål. I Bjørkemoen er det store bygningar som er særs godt eigna til å utnytta energiressursane under moen.
Bømoen AS eig i dag 110 mål med næringsareal som har stort potensiale for utnytting av grunnvassvarme. Det er på gamal flyplass, inngjerda område ved tidlegare Voss tekniske verkstad og innregulert campingplass.
Sprørsmål til Svein Erik Burud:
Kva type næringsareal meiner Høgre og Burud det er for lite av i Voss herad?