Bømoen, regulering no att
Plus
At det er forslag om å revidera reguleringsplanen etter berre eitt år, er ikkje eit kvalitetsstempel på vedtaket som vart gjort. Dialogen mellom heradet og grunneigar burde vore tett i forkant av vedtaket, ikkje fråverande.
Kreftene som overkøyrde grunneigar, vil ha endå meir gjennom oreigning, men kva problem løyser dei med det?
Oreigning er eit tvangsmiddel ein kan ty til, men ikkje utan å snakka med grunneigar. Og skal ein nå fram i ein oreigningsprosess, så er det vel ikkje nok å stadfesta at motparten ikkje har aksepterte «diktatet vårt»? Sjølv med makt og mynde må ein kunna visa til at det har vore ein seriøs dialog for å finna ei løysing for begge partar. Og ein må vel også ha ein klar plan, ikkje berre lyst på. Kva skal den dialogen gå ut på tru?
Sjølv om ordføraren har inngått skisse til ein avtale som gir grunneigar råderett over 100 mål meir enn i reguleringsvedtaket, så har dei berre fått tilbake halvparten av det arealet heradsstyret tok ut av planen, utan å snakka med grunneigar. Og sjølv i den nye skissa utgjer arealet grunneigar kan utvikla, berre 10 prosent av Bømoen.
At ein i reguleringsiveren fjerna parkeringsplassen for Bømoløypa, trass fagre i ord om kor viktig den løypa er, var svært dårleg reguleringshandverk. Ein mangel som revisjonen no kan retta opp.
Fallskjermklubben seier ifylgje Hordaland: «kvifor skal me ikkje t.d. kunne tilby overnatting til folk som jobbar for oss?».Svaret er at det er det ingen som nekta dei, dersom det skjer på område som er regulert til føremålet.
Ifylgje reguleringsvedtaket frå 2024, så står klubbhuset på område som er regulert til idrett (IDR), og det å sova er ingen idrett. Og ei eventuell oreigning endrar ikkje på det. Om ikkje før, så vil fallskjermklubben oppdaga dette når dei skal innfri pålegget frå Voss herad om «Ulovlegheitsoppfølging».
Det synest nesten som om verken luftsportmiljøet eller lokalpolitikarane har tatt innover seg at også nordsida av flystripa, fekk krav om regulering i samband med eigarskiftet.
Kjem reguleringsplanen opp til ny handsaming, så opnar dette for at klubben kan be om at arealet dei driv på kan få endra regulering, slik at det samsvarar med den aktiviteten dei faktisk driv. Men det bryt med tankegangen i gjeldande reguleringsplan, der camping og overnatting er samla i leirområdet.