Herold

Døtrene trudde Aslaug (95) skulle vera død den dagen dei tømde leilegheita. I staden var ho med

Plus
Kilde: Sogn Avis Author: Arve Uglum Published: 2025-12-31 19:00:00
Døtrene trudde Aslaug (95) skulle vera død den dagen dei tømde leilegheita. I staden var ho med

I januar fekk Aslaug Grimeland beskjed om at ho skulle ut frå omsorgsleilegheita si. Grunnen var ikkje den døtrene først trudde.

Det er onsdag 12. mars, og klokka har passert 08.00. Aslaug Grimeland har vakna i hytta til dottera Helga på Sørheim i Luster der ho sov i natt. Ho fyller 96 i juni og veit ikkje kvar ho skal sova i kveld. Det kan bli i hytta på Sørheim, eller i ei leilegheit i Luster ho aldri har sett.

Men det blir definitivt ikkje der ho helst vil vera. Der ho vakna dagen før. I leilegheita på omsorgssenteret i Gaupne som ho har budd i dei siste vel ti åra. Den ho ser på som si og som er heime. Den pakka døtrene ned på tysdag. Heile livet til Aslaug står i kassar i den fråflytta heimen onsdag morgon.

– Eg finn meg i det meste

– Det er merkeleg, men eg finn meg i det meste, seier ho sjølv.

Men helveteselden røper Aslaug, seier døtrene Helga og Inger Anne. Den blussar opp kvar gong Aslaug er stressa, og no slår den ut.

– I tanngarden. Eg klarar berre å tyggja på eine sida, og dei seier det har med stress å gjera, fortel ho.

Nedpakka leilegheit

– Kommunen har sagt at dei skal ordna med ein flyttebil, men det var 14 dagar sidan og eg har ikkje høyrt noko sidan då. Eg veit ikkje kva som skjer i dag, men eg håpar det går bra, seier Helga.

  1. mars var siste frist. Då måtte ho ut, slik ho og døtrene opplever det. Luster kommune meiner flyttinga er frivillig.

– Det er ei dårleg sak å tvangsflytte ein 95-åring. Det gjer me ikkje, seier kommunalsjef for helse, omsorg og sosial, John Olaf Røhme.

Uansett vert dette ein spanande dag for Aslaug.

Fekk ikkje vita kvifor

Det er ikkje uvant for å ho å vera på Sørheim. Ho har budd der mykje av livet. Etter mykje om og men, gjekk ho med på å bu på omsorgssenteret i Luster, fordi der kunne ho sjå over fjorden til Sørheim. Men helst skulle ho vore i Gaupne.

– Det var i slutten av januar eg vart ringt opp med beskjed om at mamma skulle flyttast. Skal de til og riva allereie?, spurte eg. Og fekk inntrykk av at det var det som skulle skje, fortel dottera Helga Berteig om beskjeden ho berre har fått munnleg.

For det skal byggjast nytt omsorgssenter i Gaupne. Det veit alle. Men at det skulle skje så fort? Det var ikkje før nokre samtalar seinare at den eigentleg grunnen til at Aslaug måtte ut fekk dei i rykteform. Men den stemte.

Men Aslaug måtte uansett ut, slik dei opplevde det.

Ut til 1. mars

Ho vart fødd på Sørheim*1. juni 1929.* Ho gifte seg i Førde, flytte dit og budde der mesteparten av sitt vaksne liv. Så vart ho enkje, fann etter kvart saman med barndomskjærasten Melker og flytte tilbake til Sørheim og til han. Då han fekk behov for dialyse, flytte dei to saman til omsorgssenteret i Gaupne, og det var starten på ei god tid for Aslaug.

– Ho har stortrivst der. Eg har heile tida sagt at Luster må ha den beste eldreomsorga i heile Noreg. Oppfølginga og hjelpa ho har fått har vore fantastisk, seier Helga.

For tre år sidan gjekk Melker bort. Då hadde Aslaug runda 90 og vel så det. Hjelpebehovet auka på, men fram til no har ho gått på butikken og i banken. I det siste med rullator, men ho er mobil så lenge ho ikkje må i trapper. Ho har hatt eit rikt liv i omsorgsleilegheita.

– Frå i haust har ho ete middag med dei andre på stova. Dei har henta ho om ho gløymde det eller sovna. Ho har gått på bingo og trening, til og med på andakt! Det har vore trygt for oss pårørande. Det var supert, heilt til dei bad ho om å flytta, seier Helga.

For*torsdag 23. januar 2025* fekk ho ein telefon frå omsorgssenteret.

– Ho måtte ut før 1. mars, sa dei då.

To netter utan søvn

Det var eit hardt slag. I blomsterbeda utanfor har Aslaug planta blomar ho har teke med seg frå heimen ho hadde i Førde. Møblane og gardinene er hennar. Dette var heimen hennar, og ho likar forandringar dårlegare og dårlegare til eldre ho blir.

– Eg sov ikkje første natta etter det. Ikkje andre natta heller. Men det kom seg etter kvart. Eg har budd der i ti år. Så skulle eg flytta, og eg visste ikkje korleis framtida vart, seier Aslaug.

– Eg kan ikkje hugsa at eg fekk noko grunngjeving, berre at huset skulle brukast til andre ting. Men etter det eg har høyrt må du anten ramponera leilegheita eller ikkje betala for deg for å bli kasta ut slik. Eg har ikkje gjort nokon av delane.

Dottera Helga trudde ho forstod kvifor mora måtte ut.

– Eg fekk forståing for at det måtte skje, fordi dei skulle riva desse husa i samband med bygginga av nytt omsorgssenter. Så då tenkte me at det berre måtte bli slik.

– Men bygginga er langt unna oppstart. Korleis fekk du den forståinga?

– Eg spurte om dei skulle riva så fort, og fekk ikkje noko svar på det. Så dei let meg vel forstå det på den måten.

Ei veke seinare fekk Aslaug vita sanninga.

– Då eg kom bort til ho den dagen hadde ho høyrt at ukrainske flyktningar skulle flytta inn i leilegheita hennar. Mamma var heilt fortvila, fortel dottera.

– Det stemmer det, fortel Aslaug.

– Merkeleg

Helga fortel at mora alltid har delt av det som er sitt med dei som har mindre. Ho forstår at det finst folk i verda som treng hjelp. Men likevel. Det smertar både ho og mora at nokon andre blir prioritert før Aslaug, uansett kven det måtte vera.

– Eg tykkjer det er merkeleg at dei føretrekker utlendingar framfor meg, seier Aslaug stille.

Dottera fyller ut biletet.

– Ho føler at ho var mindre verdt enn dei som skulle flytta inn. Ho har sett på dette som heimen sin, og er eit heimekjært menneske. Ein må tenke på kva slags generasjon ein har med å gjera her. Ein heim er ikkje noko dei flytter inn i. Det er noko dei skaper over tid, og ho hadde skapt ein heim her.

Det var ikkje det at ho ikkje fekk alternativ. Helga Berteig vart førespegla to ulike alternative bustader til mora. Begge i nærleiken, ingen av dei var aktuelle.

– Mamma var ikkje med på denne rundturen, for ho var så fortvila. Det eine var eit enkeltrom der ho ikkje ville hatt plass til bokhylla si ein gong, og ho brukar fotoalbuma sine kvar dag. Det var heller ikkje kjøken, og ho står gjerne opp halv seks for å laga seg frukost. Det andre var lenger vekke og hadde berre ein digital koketopp eg veit ho aldri vil klara å bruka.

Ingen ting skriftleg

Ho er oppteken av at sjølv om mora sitt hjelpebehov har auka dei siste åra, så er det framleis mykje ho klarar sjølv. Og desse tinga er med å halda ho i gang.

– Desse alternativa ville teke frå ho høvet til å klara dei få tinga ho framleis klarar, og som hjelper ho med å halda hovudet i gang. Alt ho har fått tilbod om er dårlegare alternativ enn det ho har hatt, og det er belastande for eit så gamalt menneske å setja seg inn i nye omgjevnader.

– Så?

– Eg gav beskjed om at ingen av dei var aktuelle i det heile. Så bad eg om å få sjå vedtaket om flytting.

Dette var i starten av februar, og verken omsorgssenteret eller helse- og omsorgssjefen i Luster kommune hadde det. Noko skriftleg oppseiing av leigeforholdet har ho heller ikkje fått.

– Eg kunne stått på krava mine. Slik eg tolkar lova har dei høve til å hiva ho ut, men det står i kontrakten at ho skal ha skriftleg oppseiing. Det har ho ikkje fått. Ingen ting har vore skriftleg i denne saka.

Vil ikkje sjå andre gå inn

Og dessutan: Aslaug blir 96 år i juni. Ho ville uansett ikkje hatt mange år att der ho klarar seg i eiga leilegheit.

– Me må vera realistiske her. Ho er gamal og gløymsk, men det har berre med alderen å gjera. Ho har ingen teikn til demens. Likevel er det små sjansar for at ho hadde blitt buande der så lenge. Kunne ho ikkje berre fått blitt litt til? Dette er hårreisande. Rett og slett stygt gjort. Ikkje fordi me måtte gjera den jobben me gjorde i går, men på grunn av ho. På grunn av livskvaliteten hennar.

Helga har ikkje høyrt om det sjølv, men trur mora også har fått eit anna tilbod. Om ei leilegheit rett i nærleiken av den ho flytte ut frå på tysdag. Veldig nær.

– Då måtte ho sete der og sett andre gå ut og inn av leilegheita ho ser på som sin heim. Det hadde ho ikkje tolt.

– Fekk tilbod om like gode alternativ

Kommunalsjef for helse, omsorg og sosial i Luster kommune, John Olaf Røhme meiner kommunen hadde grunnlag for å flytta ho ut frå leilegheita, fordi det står i kontrakten at omsorgstenesta kan flytta ho om dei får andre behov for bustaden hennar.

– Dottera har fått denne leigeavtalen. Aslaug Grimeland fekk tilbod om anna leilegheit som ville gjeve eit svært godt fagleg tilbod – minst like godt som det ho hadde. Men ho ynskte å flytta til Luster omsorgssenter. Me kan ikkje sjå at det som er gjort er i strid med leigeavtalen, seier han.

Helga Berteig meiner dei hadde gode grunnar til å takka nei til dei ulike alternativa dei vart tilbydde i Gaupne, og viser til husleigelova sine bestemmelsar.

– Det finst bestemmelsar i husleigelova som overstyrer ein slik kontrakt, seier Helga Berteig, og viser til Husleigelova.

Husleigelova paragraf 1–2

– Lova seier dei skal ha sakleg grunn, og at dei ikkje kan avtala seg bort frå det vernet. Eg kan ikkje sjå at dei har nokon sakleg grunn. Det står også at minste oppseiingstid ved faste leigeforhold er tre månader, seier Berteig.

Røhme stadfestar at dei har behov for fleire bustader til ukrainske flyktningar, og at gruppa av leilegheiter Grimeland budde i teikna seg ut som eit godt alternativ.

– Dette er dei eldste bustadene me har i Gaupne, og dei ligg litt avskilt frå resten. Intensjonen var at det kunne vera fornuftig å frigjera dei. Då kunne ho fått ei veldig bra leilegheit i same området, seier Røhme om tilbodet Aslaug og døtrene ikkje såg på som aktuelt.

– Dialog heile vegen

Men Røhme står på at grunngjevinga, ynsket om å frigjera omsorgsbustader til andre brukarar, er gjeven munnleg – og at flyttinga er basert på semje med Aslaug Grimeland.

– Om ho absolutt ikkje ville, så hadde ho ikkje blitt flytta. Eg kan ikkje garantera for korleis dialogen var, men intensjonen var at det skulle vera basert på frivilligheit.

– Men alder og helse teke i betraktning, burde ikkje dette gått via pårørande og ikkje ein 95-åring?

– Det har vore dialog med pårørande heile vegen. Men i siste instans er det Aslaug Grimeland som tek dette valet. Dette er etter vår vurdering ei flytting basert på semje, til eit tilbod er minst like bra, seier Røhme.

Det samtykket meiner Helga Berteig bestemt at mora aldri har gjeve – i alle fall ikkje skriftleg.

– Me motsette oss all flytting internt i Gaupne, og gjekk ikkje med på noko me sjølve fann alternativet i Luster. Først då sa me ja, seier Helga Berteig.

40 skjerf vart til fem

Tysdag 11. mars, altså denne veka sette Helga, systera Inger Anne Grimeland og Aslaug i gang med eit møysommeleg arbeid. Dei pakka ned heile leilegheita hennar i Gaupne og alt Aslaug eig i kassar. Siste frist frå Luster kommune var 12. mars. Då måtte ho ut.

– Det var ni timar med hardt arbeid, og mamma var kjempeflink. Eg trur ikkje ho har kasta noko i heile sitt liv, men ho var med heile dagen og sorterte. Ho byrja dagen med førti-femti skjerf, no har ho fem att.

– Korleis var det å pakka ned livet hennar?

– Uff. Det snakka eg og systera mi mykje om. Me har alt snakka om det må gjera når mamma døyr, og no gjorde me det me snakka om. Me visste jo godt at den dagen nærma seg. Det var berre det at mamma var med.

Neste adresse er ei omsorgsleilegheit i Dale i Luster. Der har Aslaug aldri budd tidlegare i livet, men etter kvart stod det fram som det beste alternativet.

– Eg fekk vita, heilt tilfeldig, at det var ledige leilegheiter i Luster. Det var eg sjølv som tok tak i det, fordi eg ikkje ville at ho skulle sitja i Gaupne og sjå andre gå ut og inn av heimen hennar. At andre steller blomstrane hennar, eller at dei ikkje gjer det. Blomsterbeda er så viktige for ho.

– No får eg sjå heim att

Leilegheita i Luster er litt mindre enn den ho hadde, men elles ganske lik. Helga er spent, men ho trur det kan gå seg til.

– Det er veldig kjekke folk som jobbar der. Mamma får ikkje plass til alt ho hadde i Gaupne, men me skal klara å gjera det koseleg for ho.

Likevel starta onsdag 12. mars med ei viss uro. Det vart avtalt med kommunen 14 dagar tidlegare at dei skulle få flyttelasset inn til Luster i løpet av denne dagen, men sidan har ikkje Helga høyrt noko.

– Uansett kva som skjer vil eg tru ho blir på Sørheim natt til torsdag også. Eg trur ikkje me klarar å få pakka ut alt, sjølv om dei kjem og hentar det, fortel ho onsdag morgon.

Like etter kjem telefonen frå kommunen. Dei skal henta flyttelasset i Gaupne ein gong etter klokka 12.

– Så får me sjå korleis dette går. Me har avtalt at systera mi bli hjå ho første natta, og eg den andre. Men først må me sjå når ho kjem seg inn.

Aslaug har innfunne seg med at det slik frå no av. På eitt eller anna tidspunkt.

– Eg er van med å finna meg i det som skjer med meg. Der får eg sjå att fjorden, og eg kan sjå heim til Sørheim.

Flyttesjau

Torsdag klokka 11.00 har ho hatt enno ei natt på Sørheim – den siste for denne gong. Leilegheita i Luster er mindre enno ho er van med, men den har sine fordeler. Sjølv om ho ikkje heilt likar måten fjellet Bergheimsnosi over Sørheim ser ut herifrå.

– Nosi er kvass. Når du ser ho herifrå er ho rund.

Men ut over det? Leilegheita er eit standard flyttekaos, men døtrene har vore på Lerisbui like ved og handla kake. Aslaug er i godt slag og ved godt mot. Etter to månader med uvisse er ho klar til å landa.

Aslaug er alltid optimist

– Eg er alltid optimist, seier Aslaug leande.

Tanken på Luster og fjordutsikt har vakse i ho. I det siste har ho gledd seg til å koma hit.

– Eg er heldig, for eg får omsorg her.

Omsorga har det aldri vore noko å seia på. Pleiarar og personale i Gaupne får dei beste skussmål frå dei tre. Men avskjeden kling framleis dårleg.

– Eg budde der i ti år, og tykkjer det er feil at eg måtte vika, seier Aslaug.

– Men eg irriterer meg over vedtaka me ikkje får sjå. Eg forstår ikkje korleis dei ta avgjerder som råkar folk så hardt utan vedtak. Ho mor er i godt slag no, men det har vore åtte veker med mykje uro, seier Helga.

🏷️ Extracted Entities (15)

Aslaug Grimeland (person) Gaupne (entity) Helga Berteig (person) John Olaf Røhme (person) Luster (entity) Sørheim (place) Inger Anne Grimeland (person) Førde (entity) Melker (entity) Bergheimsnosi (entity) Dale (entity) Ho (entity) Husleigelova (entity) Lerisbui (entity) Noreg (entity)