Ho er ny redaktør i Bondevennen
Plus
Frå 1. april tar Jofrid Åsland Gilje (40) over som redaktør i den tradisjonsrike publikasjonen.
I november melde Jærbladet at Bothild Åslaugsdotter Nordsletten sluttar som redaktør i det regionale fagbladet Bondevennen.
Lille julaftan melde Bondevennen at ny redaktør er Jofrid Åsland Gilje. Ho tiltrer i jobben 1. april.
Gilje er 40 år gammal. Ho kjem frå Høle i Sandnes, men bur i dag i Dirdal i Gjesdal.
Tilbake til journalistikken
Gilje har fortid som journalist, og har jobba i Jærbladet, Solabladet og Bondevennen. Ho er òg utdanna agronom, men jobbar i dag som dagleg leiar ved Byrkjedalstunet.
Eigentleg var ho ikkje på jobbjakt, men etter å ha vorte tipsa om utlysinga og forhøyrt seg litt rundt jobben, valde ho likevel å søka.
– Sidan eg har jobba der før, veit eg litt om kva det går i. Og så veit eg òg at det ikkje er slik at dette er ei stilling som dukkar opp særleg ofte, seier Gilje.
Etter å ha drive med marknadsføring i fleire år før ho fekk jobb på Byrkjedalstunet, freista det òg å komma litt tilbake til journalistikken.
– Eg plar seia at eg er journalist av legning, seier Gilje, som er utdanna journalist frå Universitetet i Stavanger.
Ho har sakna historieforteljinga, ta bilde og alle dei interessante folka ein treng når ein jobbar som journalist.
– Det er noko eige med å fortelja ekte historier som har noko å seia for folk. Og så er det ikkje slik at landbruk vert mindre viktig. Det gjeld ikkje berre her, men heile landet. Alle treng mat. Korleis me forvaltar ressursane og legg til rette for at me kan få tak i mat er veldig viktig, seier Gilje.
– Ingen trylleformel
I 2023, same året som Bondevennen fylte 125 år, gjekk det tradisjonsrike fagbladet gjennom ein større snuoperasjon som innebar nedbemanning og halvering av talet på utgjevingar.
Tal frå Brønnøysundregistera viser at Bondevennen hadde negative driftsresultat både i 2022, 2023 og 2024.
– Korleis vil du sikra Bondevennen sin økonomi i ein tøff mediemerknad?
– Me må gjera så godt me kan, men det finst ingen trylleformel. Me må berre jobba for å ha eit godt og relevant innhald som lesarane vil ha. Det er det grunnleggande. Og så kan me sjå på korleis me framstiller stoffet og i kva for nokre kanalar.
– Har du tankar om redaksjonelle endringar? Er det noko du kunne tenka deg å sjå meir av i Bondevennen?
– Eg har ikkje begynt ennå, så det er det for tidleg å seia noko om. Men dette er uansett ting me må finna ut av i lag. Eg har ikkje tenkt å vera diktator. Me må sjå på korleis me skal jobba. Sånn er det i alle redaksjonar: Me må henga med i timen. Men først og fremst handlar det om å sjå på kva ressursar me har og kva val me har moglegheit til å ta.
Det er Felleskjøpet Rogaland Agder som eig Bondevennen. Redaksjonslokala er i Felleskjøpet sine lokal i Hillevåg i Stavanger.
Dirdal-baserte Gilje medgjev at ho får litt reiseveg til jobb, men seier det går heilt fint.
– Det er mange her som tar den vegen. Eg har pendla tidlegare òg, då eg jobba på Ullandhaug. Dessutan er det jo ikkje alltid ein jobbar frå kontoret. Og ungane mine har vorte litt større, noko som òg gjer det litt lettare. Nå slepp eg å ringa dei på heimvegen for å be dei om å stå klare i fotballdrakta når eg kjem heim, seier Gilje og ler.
Bothild Nordsletten sluttar som redaktør
Jærbladet gir unge på Jæren gratis avistilgang
Mathias (25) jobber i Åsted Norge
Lyebu blir redaktør i nabokommunen
Amedia lanserer ny avis i Stavanger
📰 Same Event Coverage (1 articles)
These articles appear to cover the same news event, detected by different methods: