– Eg er søkk, stinkande rik
Plus
Ei bok forandra Ole Johannes Øvretveits syn på livet.
Er desse folka rike? spurte ein liten gut mor si etter at dei hadde vore på juleselskap hos oss.
– Med det huset, og den middagen?
– Nei, slapp av, sa ho:
– Dei er ikkje rike. Huset har dei arva, og maten har dei stort sett laga sjølv.
Og det er sant, det. Sånn i det store og heile.
Bortsett frå det at vi ikkje er rike.
For det er vi.
Søkk, stinkande rike.
Det begynte med at eg fekk ei bokav min ven og kollega Roy Sunde. Han er ein bokorm av første klasse, og når han anbefaler ei bok, då les eg den.
Og den boka, det er den finaste presangen eg har fått på mange år.
Eg skal garantere deg at dersom du les den, vil den forandre livet ditt. I alle fall måten du ser det på. Faktisk vil den forandre ditt syn på heile verda.
«Factfulness»,heiter den.
Av Hans Rosling.
Hans Rosling var ein svensk akademikar, statistikar og forelesar, verdskjend (ein får kalle det det, når du held foredrag i Davos Economic Forum) for si evne til å framstille fakta om verda på ein forståeleg måte.
Og her kjem det som forandra livet mitt (henta frå boka):
Det budde i 2017 sju milliardar menneske på jorda.
Dei kan veldig grovt delast inn i fire nivå:
På nivå 1 tener du ti kroner dagen (husstandsinntekt). Dei fem ungane dine går fleire timar berrføtt kvar veg og hentar vatn i eit skite mudderhol. På heinveg plukkar dei ved, og til middag er det den same grå grauten du har ete til kvart einaste måltid heile ditt liv, unntatt dei månadane no og då då det ikkje var mat å finne.
Ein dag får den yngste dotter di ein stygg hoste. Lungene er øydelagde av røyken frå bålet. Du har ikkje råd til behandling, og ein månad seinare døyr ho. Dette er ekstrem fattigdom. Om lag ein milliard menneske lever slik i dag (2017-tal).
Nivå 2: Du har firedobla inntekta di, og tener no førti kroner dagen(framleis husstandsinntekt). No kan du kjøpe mat du ikkje har dyrka sjølv, du har råd til å halde nokre høner, det betyr egg. Du kjøper sandalar til ungane dine, ein sykkel og fleire plastbøtter. No tek det berre ein halvtime per dag å hente vatn. Du kjøper ein gasskomfyr, sånn at borna dine kan gå på skule i staden for å samle ved. Når de har straum kan borna gjere lekser i lyset frå ei lyspære. Men straumen er for ustabil til at de kan ha eit kjøleskap. Du sparer til madrassar, slik at de slepp å ligge rett på leirgolvet. Livet er mykje, mykje betre enn på nivå 1, men framleis usikkert. Ein einaste sjukdom, og du ville måtte selje det meste av det du eig for å skaffe pengar til medisin.
Slik lever rundt tre milliardar menneske.
Nivå 3:
Du har no fleire jobbar, jobbar 16 timars dagar sju dagar i veka, og har klart å firedoble inntekta di til 16 dollar dagen.No snakkar vi om kvantesprang i levestandard: Du har ein kaldtvasskran, så ungane slepp hente vatn. Du har stabil straum, noko som betyr at du kan ha eit kjøleskap og slepp ete den same guffa dag etter dag. Du sparer til ein motorsykkel, som vil medføre at du kan reise til ein betre betalt jobb på ein fabrikk i byen. To av borna dine får begynne på vidaregåande. Viss dei klarer å fullføre, vil dei få ein betre betalt jobb enn du nokon gong har hatt. For å feire tek du familien med på dykkar aller første ferie: Ein ettermiddag på stranda.
Slik lever rundt to milliardar menneske.
Nivå 4: Du tener meir enn 320 kroner dagen. Du er ein rik forbrukar, og tretti kroner meir for dag ville gjere veldig liten forskjell i kvardagen din. Difor synest du at tretti kroner, som kan endre livet for ein som lever i ekstrem fattigdom, ikkje er så mykje pengar. Du har meir enn 12 års utdanning, og du har tatt fly ein gong, i samband med ein ferie. Du har råd til å ete ute ein gong i månaden, og du kan kjøpe deg bil. Du har sjølvsagt innlagt varmt og kaldt vatn i huset
Men du veit allereie korleis det er å leve på dette nivået, for der er du sjølv.
Slik lever den rikaste milliarden menneske på jorda.
Så langt sitat Rosling.
Så inngangsbilletten til å vere mellom den rikaste sjuandedelen av menneska på jorda (og uendeleg mykje rikare enn dei andre), er 320 kroner dagen i husstandsinntekt. Gangar vi det med 365 (for det er så mange dagar dei fleste her på jorda må jobbe i løpet av eit år), får vi ei husstandsinntekt (årleg) på 116.800 kroner.
Medianinntekta i Norge er på rundt 650.000 kroner i året. Er ein to i arbeid, vil husstandsinntekta ligge på 1.300.000 kroner. Meir enn ti gonger inngangsbilletten til å vere blant den rikaste milliarden i verda.
Og, sånn cirka: Der er vi.
Så ja, vi er rike.
Og det er du óg.
Den største gleda du kan ha
– Du lyt nok lese Firda grundigare, Stein Kjetil Holvik – Er det så mørkt som vi får inntrykk av? Neppe