Vil møta statsråden – krev tydeleg svar om jervebestanden
Plus
Bakgrunnen for samarbeidet er felles utfordringar med beitedyr og jerv i beiteområda mellom dei tre fylka.
– Ordførarar og varaordførarar i til saman 13 kommunar har difor gått saman med faglag og organisasjonar for å få til endringar, seier varaordførar i Luster kommune, Geir Arve Sandvik, i ei pressemelding.
Han sit i arbeidsutvalet til den interregionale samarbeidsgruppa.
Samarbeidsgruppa består av 13 kommunar fordelte på Innlandet fylke, Møre og Romsdal fylke og Vestland fylke, og dessutan fylkeslaga til Noregs bondelag, Norsk Bonde- og Småbrukarlag og Norsk sau og geit i dei tre fylka.
Set krav
Brevet dei no har stila til statsministeren og klima- og miljøministeren inneheld førespurnad om møte og konkrete krav til regjeringa.
– Me krev at jerven kjem ned på nasjonalt bestandsmålnivå i løpet av 2026, seier Sandvik i pressemeldinga.
– Det nasjonale bestandsmålet for jerv er 39 årlege ynglingar, men frå 2001 til 2025 har det gjennomsnittlege talet på ynglingar vore 53,8, legg han til.
Den interregionale samarbeidsgruppa meiner det er mogleg å gjennomføra tiltak innanfor gjeldande rovviltforlik og eksisterande regelverk som vil ha positiv effekt.
Peikar på tiltak
Dei peikar mellom anna på at Staten må ta eit større ansvar for å driva bestandsregulering.
- Effektiv bestandsregulering av jerv i desse områda krev auka innsats frå Statens naturoppsyn (SNO) i form av ekstraordinære uttak før ordinær lisensfellingsperiode er over.
- SNO må ha tilstrekkeleg med ressursar til å driva utstrekt bestandsovervaking og gjennomføra ekstraordinære uttak og skadefellingar så effektivt som mogleg. Her er auka tilgang på helikopter og nødvendig personell er avgjerande for effektivt å kunna gjennomføra uttak i vêrvindauge med fly- og sporingsforhold.
- Eksisterande handlingsrom innanfor dagens regelverk må utnyttast betre for å redusera skadar på beitedyr forårsaka av jerv og leggja til rette for framleis beitebruk.
- Den todelte målsetjinga i rovviltforliket må tilleggjast større vekt. I samsvar med forliket skal det vera mogleg å halda oppe ei berekraftig beitenæring også innanfor forvaltningsområda for jerv. Forvaltninga må leggja til rette for dette gjennom å sørgja for at den norske jervebestanden blir halden på eit tal vaksne individ som ikkje produserer meir enn 39 årlege ynglingar.
Har ansvaret
Den interregionale samarbeidsgruppa meiner det er eit demokratisk problem at jerveforvaltninga i Noreg, under vekslande regjeringar, ikkje har følgt opp Stortingets vedtekne rovviltforlik.
– Det er klima- og miljøministeren og til sist statsministeren som har overordna ansvar for at rovviltforliket blir etterlevd, difor går brevet til dei, avsluttar Sandvik.