Herold

Send oss bilde frå nyttårsfeiringa di – vinn eksklusiv Kvinnheringen-kopp

Plus
Kilde: Kvinnheringen Author: Mona Grønningen Published: 2025-12-31 14:00:00
Send oss bilde frå nyttårsfeiringa di – vinn eksklusiv Kvinnheringen-kopp

Vi vil gjerne ha lesarane sine bilde frå nyttårsfeiring rundt om kring i Kvinnherad (eller andre plassar).

Og vi skriv eksklusiv Kvinnheringen-kopp om premien, for desse er det ikkje mange igjen av. Og om vi må få seia det sjølv, så er den svært gode å drikka kaffi av!

Om du feirar heime, på hytta, i ein by eller i utlandet, om du feirar på jobb, åleine, saman med mange eller berre kjæledyret – send oss gjerne bilde eller video frå feiringa. Det kan vera bilde av fyrverkeri, eit pynta nyttårsbord, eller festkledde folk og dyr.

Vi samlar dei beste bilda til ein bildeserie slik vi pleier å gjera, til glede for andre lesarar.

Send bilde/video på e-post til oss, og hugs å få med namn på fotograf, kor bildet er teke, og evt. namn på personar eller dyr. Vi trekker ein vinnar om nokre dagar.

Og du? Hugs å vera forsiktig om du skal skyta opp rakettar!

Godt nyttår, alle!

🏷️ Extracted Entities (2)

Kvinnheringen-kopp (entity) Kvinnherad (entity)