Herold

«Du er ikkje til bry når du bryr deg» – Kristoffer Relling si sterke historie

Plus
Kilde: Vaksdalposten Author: Kent Amundsen Published: 2025-12-31 12:52:26
«Du er ikkje til bry når du bryr deg» – Kristoffer Relling si sterke historie

Då Dale IL Esport ringte til LEVE, landsforeininga for etterlatne etter sjølvmord, fekk dei ikkje berre ein ny sponsor, men også ei sterk historie frå ein modig mann. Kristoffer Relling kom til Dalesalen før jul for å minna om at me må bry oss.

Kristoffer Relling jobbar som strategisk sponsor og eventansvarleg ved LEVE, og har blant anna med sponsorat å gjera. Det siste året har foreininga gått tungt inn i idretten med ein kampanje dei kallar «Brysom - Du er ikkje til bry når du bryr deg».

- Eg fekk ein telefon frå Dale IL om eit mogeleg samarbeid, og då ville eg komme til Dale for å snakka om mi historie og kvifor eg jobbar med dette. Eg har sjølv fire sjølvmordsforsøk, og vil bevisstgjera det at folk har sjølvmordstankar og at me må prata med kvarandre. Me må tørra å vera brysomme, seier han.

Eit liv endra på eit sekund

Før ei livsendrande hending i 2019 levde Kristoffer eit fullkome liv med karriere, familie og stor aktivitet. Alt endra seg då han fall og fekk ein inkomplett ryggmergsskade under eit besøk på Leos Lekeland. Ulykka gjorde han lamma frå nakken og ned.

Etter ulykka starta ei lang periode med rehabilitering, der han måtte læra alt på nytt, inkludert å gå og eta. Han kjempa òg ein lang rettsleg kamp mot leikelandet. Sjølv om han først fekk medhald og erstatning i Tingretten, vart han seinare fråteken truverdet i Lagmannsretten.

- Eg gjekk frå å bli trudd til å bli fråteken truverdet. Igjen sat eg med gjeld, smerter, og ei kjensle av eit system som ikkje trudde meg, fortalde Relling til ei stille forsamling i Dalesalen.

Kampen mot mørket og selvmordsforsøk

Konsekvensane av ulukka og nederlaget i rettsvesenet, førte Kristoffer inn i eit djupt mørke. Han byrja å slita med sterke sjølvmordstankar. Mellom 2019 og 2023 gjorde han fire sjølvmordsforsøk.

Relling fortel om den vanskelege indre konflikten, der ei stemme på utsida hevda at alt var bra for å unngå å bry andre, medan ei indre stemme stadig fortalde han at han var verdilaus.

- Eg hadde to stemmer, den på utsida som sa at du må framleis lyga, du må smila, du må le. Men inni meg, så hadde eg ei anna stemme som sa at du er heilt jævlig, du er verdilaus, ta livet ditt, ta livet ditt, ta livet ditt.

Han opplevde at systemet svikta då han søkte hjelp. Han vart avvist frå psykiatrien fleire gonger, og det måtte fire forsøk til før han vart teken på alvor og lagt inn.

Samla frivillige krefter

Vendepunktet på Hauglandssenteret

Vendepunktet kom då fastlegen hans tilrådde Hauglandssenteret. Her vart han møtt av eit team som ville han vel og som såg han som eit menneske. Dette var essensielt for å starta reisa mot å annerkjenna det nye livet sitt.

- Det var første gongen eg vart møtt med at nokon ville ha meg i livet. Eg vart møtt med team som berre ville ha meg i livet.

Relling fann òg ei spesiell støtte i å møta andre med liknande utfordringar.

- Og ved å prata med dei, så skjønte eg at eg ikkje var åleine med mine utfordringar. Eg byrja å prate med andre om det, tørra å seia at eg ikkje har det så bra.

Eit bodskap som når ut

Etter opphaldet på senteret, bestemde Kristoffer seg for å ikkje berre overleva, men for å leva og bruka si erfaring til å hjelpa andre. Han skreiv ein strategi om korleis ein skal bry seg om kvarandre. Dette har ført til «Bry deg om»-kampanjen og eit breitt samarbeid med idretts-Noreg.

Kampanjen, som vann Sponsor- og Eventforeningen sin pris «Årets samfunnsengasjement» i 2024, har ein enkel, men kraftig, bodskap. «Du er ikkje til bry når du bryr deg.» Relling peikr på at stille kan vera farleg, og at det å spørja direkte er nøkkelen.

- Våg å spørja. Ikkje gå rundt grauten. Ver direkte. Har du sjølvmordstankar? Tenkjer du på å ta livet ditt?

Han oppmodar alle til å vera til stades for kvarandre og vera brua til hjelp, og minner om at sjølv om ingen kan gjera alt, kan alle gjera litt for å få ned dei historisk høge selvmordstala.

Kristoffer Relling nemner tre hovudreglar for å hjelpa.

- Våg å spørja. Ver til stades. Ver brua til hjelp.

🏷️ Extracted Entities (12)

Kristoffer Relling (person) Dale IL (organization) Dalesalen (entity) Hauglandssenteret (entity) LEVE (entity) Då Dale IL Esport (organization) Eventforeningen (entity) Lagmannsretten (entity) Leos Lekeland (person) Sponsor (entity) Tingretten (entity) Årets samfunnsengasjement (entity)