Herold

Tek opp att gammal tradisjon: – Me håpar folk vil ta turen

Plus
Kilde: Kvinnheringen Author: Ingvild Sjo Published: 2025-11-27 04:00:00
Tek opp att gammal tradisjon: – Me håpar folk vil ta turen

Soknerådet i Eid kyrkje har fått med seg André Eide til å halda julekonsert i kyrkja på Halsnøy.

Onsdag kveld 3. desember har André Eide med seg songar Tiril Birkelid (24) frå Sveio og vil halda julekonsert i Eid kyrkje. Ho er lærar ved Sveio skule og dirigerer Sveio barnekor. I dette høvet er ho solist med pianist og organist Andre Eide frå Halsnøy, busett på Stord siste 25 åra.

– Me ønskjer folk velkomne til ein stemningsfull førjulskonsert. Me håpar folk tek seg tid til ein liten pause i denne travle tida, og kjem til kyrkja, seier Mette Hvidevold i soknerådet.

Ho fortel at tradisjonen med julekonsert i kyrkja på Halsnøy lenge har lege nede. No fann soknerådet at tida var inne for å ta fatt i det som i mange år var eit veldig populært innslag.

– Eg hugsar det måtte vera to konsertar fordi det var så fullt, seier Hvidevold og ønskjer seg god oppslutnad igjen.

I alle fall er julestemninga sikra når André Eide stiller; godt kjend frå sosiale medium, der han når ut til fleire millionar lyttarar kvar månad, står det på plakaten.

Søndag blir det «førjulsmoro» her

🏷️ Extracted Entities (9)

Andre Eide (person) André Eide (person) Eid (entity) Halsnøy (place) Hvidevold (entity) Mette Hvidevold (person) Stord (entity) Sveio (entity) Tiril Birkelid (person)