Kjem med åtvaring: Fare for is og spegelblanke vegar
Plus
Meteorologane har sendt ut farevarsel for is på vegane. Dei ber folk vere obs, ettersom det kan vere lokale variasjonar.
Ut på køyretur på sjølvaste nyttårsaftan? Då bør vinkar Meteorologisk institutt eit lite obs til deg i form av eit farevarsel, om ferda går i Vestland eller Rogaland.
På yr.no skriv dei at det i dag er lokal fare for is, grunna overgangen til mildvêr og regn som frys til is på kald bakke.
– Nedbøren kan enkelte stader starte som snø eller sludd, skriv dei.
Farevarselet gjeld som nemnt primært for delar av Vestland og Rogaland, og det skisserte området ser du i kartet i toppen.
Om ferda går lenger, spesifikt over Vikafjellet, Hardangervidda eller Haukelifjell, melder meteorologane vidare at det er venta lokalt kraftig snøfokk i fjellet grunna sterk vind frå vest, i kombinasjon med snøbyer.
Grunna dette er det sendt ut eit farevarsel, som gjeld frå kvelden nyttårsaftan, til morgonen etter.
Oppdaterte statusar for fjellovergangane kan du elles sjå her.