Psykolog åtvarar mot sjølvoptimalisering: – Ikkje spesielt menneskevenleg
Eit nytt år marker for mange ein ny sjanse til å bli ein betre versjon av seg sjølv. Psykologen meiner optimaliseringa har gått for langt og tek til orde for meir sløseri.
Velmeinande tips og råd har truleg aldri vore meir tilgjengelege.
Ifølge sosiale medium kan du bli litt lukkelegare om du teipar munnen når du søv, tek ein kald dusj når du vaknar, droppar den ultraprosesserte maten til lunsj og mediterer før du legg deg.
Psykolog Bjarne Hansen fryktar at dei velmeinande råda begynner å verke mot si hensikt.
– Vi har ein generasjon med ungdommar i dag som presterer betre enn nokon generasjon tidlegare, men rapporterer å ha det eigentleg verre enn nokon gong.
Til dagleg leiar han angstbehandlinga på Haukeland sjukehus. No opplever han at trenden med å optimalisere seg sjølv råkar eit heilt samfunn.
– Då har du i praksis noko som liknar på ein optimaliseringspandemi.
Optimaliserer på alle nivå
Sosiale medium florerer med tips til korleis ein kan optimalisere dei fleste aspekt i livet.
– Forventningane og ideala våre er ikkje så veldig menneskevenlege, meiner Hansen.
Han opplever at mange som har føresetnadane for å ha det bra, likevel opplever å ha det dårleg. Årsaka? Eit sprik mellom forventingane til korleis ting burdevere og korleis ting er.
– Viss du tenker at all tida, pengane, talenta og moglegheitene du har skal omsetjast i best mogleg resultat. At du skal optimalisere på alle nivå. Då er du i utgangspunktet dømt.
Sjølvoptimaliseringa råkar spesielt den yngre generasjonen.
Ingunn Eriksen, ungforskar på Nova ved Oslomet.
Det bekreftar Ingunn Eriksen, som har forska på ungdom si psykiske helse ved Nova på Oslomet.
– Det kan vere positivt å sette seg tydelege mål og jobbe for å nå dei. Men det kan bli skadeleg når det skaper ei frykt for å miste produktiv tid.
«New year, new me»
Når det nye året står på trappene blir optimaliseringa høgaktuell.
– Det er ofte lite samanheng mellom nyttårsløfta ein set seg, og det som skjer dei neste månadane. Det veit jo alle treningssentera rundt i landet, seier Hansen.
Psykologen trur likevel ein form for nyttårsløfter kan vere både nyttig og givande.
– Det er ei fin tid for å reflektere, dagdrøyme og gå gjennom verdiane våre. Det har ein stor verdi å gjere opp status, prate om og kople oss saman over dei tinga.
Men han meiner det er viktig å ha eit realistisk bilde på vegen til måla.
– Viss du spring marathon og trur at du ikkje skal bli sliten, eller at det er feil å bli sliten. Det er då du får trøbbel.
Urealistiske forventingar
Dei siste tiåra har det vore ein auke i psykiske helseplager blant ungdom, viser mellom anna Ungdata.
– Men det har sokke litt etter vi nådde toppen under korona i 2021. Likevel er talet på unge med psykiske helseplager framleis høgt, seier ungdomsforskar Eriksen.
Hansen meiner eit høgt tempo i samfunnet, sosiale medium og drøssevis med taktikkar for korleis vi kan ha det betre er årsakene.
– Ein behandlar ofte folk som at dei er pasientar, som at noko er feil dersom du ikkje har ein bra dag. Og det er kanskje ein like stor del av optimaliseringspandemien.
Han meiner ideen om å vere glad og lukkeleg heile tida er urealistisk, og slår eit slag for dei dårlege dagane.
– Kanskje det er sånn at vi alle saman har gode og dårlege dagar, og at det er greitt.
– Meir sløseri
Psykologen slår også eit slag for litt meir sløseri. Både med tid, pengar og tankar.
– Sløse gjer vi uansett, så kvifor ikkje gjere det med litt betre samvit.
Hansen trur vi kan hjelpe kvarandre til å ha det betre dersom vi tillèt oss sjølv å ikkje fungere optimalt heile tida, og tør å vise det til andre.
– Når vi sjølv har ei veldig fin fasade og er opptatt av å optimalisere, så aukar vi forventingane hos andre. Ved å tørre å opne opp og vere litt sårbar kan ein ta ein for laget.