Herold

Russland trekker seg frå viktige delar av fiskerisamarbeidet

Kilde: NRK Author: Gunnar Sætra Published: 2025-12-31 10:05:23
Svekka fiskeriavtale kan føre til mindre kontroll

Russland har trekt seg frå den viktige analysegruppa i det norsk-russiske fiskerisamarbeidet. Forskar meiner fiskerisamarbeidet kan bli svekka.

Fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss stadfestar at Russland har reservert seg på fleire punkt i fiskeriavtalen.

– Den russiske sida har ikkje ønska å vidareføre alt normalt arbeid. Det omfattar også nedskalering av arbeid knytt til forvaltnings- og kontrollsamarbeidet. Per no er det vanskeleg å få oversikt over alle konsekvensane av akkurat dette, seier Næss til NRK.

Fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss seier forvaltnings- og kontrollsamarbeidet er nedskalert i fiskeriavtalen med Russland.

– Kor aktivt kjem de til å jobbe for å få kontroll- og analysearbeidet på skjener igjen?

– Vi er opptatt av å ha eit så godt samarbeid som mogleg, og vi kjem til å fortsette og jobbe for at vi skal få til akkurat det.

Norsk-russisk fiskerisamarbeid

  • Norge og Russland forvalter de viktigste fiskebestandene i Barentshavet i fellesskap.
  • Det er enighet om å betrakte de viktigste fiskebestandene som felles og dele dem 50/50. Norge lar russiske fartøy fiske torsk i hele bestandens utbredelsesområde.
  • Kvotene gjelder for torsk, hyse og lodde.
  • Det er enighet om å gi hverandres fartøy tilgang til hverandres soner.
  • Norge har rett til å inspisere russiske trålere og avkreve fangstrapporter.
  • Fordi fisken er størst i norsk farvann, skjer mesteparten av fisket i norsk farvann.
  • I Norge er det fartøyene som tildeles kvoter. I Russland er det rederier som får kvotene.
  • Den norsk-russiske fiskerikommisjonen har årlige møter.
  • Fiskerikommisjonen fastsatter totalkvoter for og fordeler kvotene mellom Norge, Russland og tredjeland (bl.a. EU og Storbritannia).
  • Et årlig tema er at russerne ikke anerkjenner norsk suverenitet i fiskevernsonen ved Svalbard.
  • Det er inngått fiskeriavtaler som regulerer fiskeadgang og kvoter for Russland, EU, Færøyene, Grønland, og Island i Norges økonomiske sone, mellom 12 og 200 nautiske mil fra grunnlinjene.

Kan svekke fiskerisamarbeidet

Seniorforskar Anne-Kristin Jørgensen ved Fridtjof Nansens Institutt seier russarane sitt farvel til analysegruppa endrar mykje på det norsk-russiske fiskerisamarbeidet.

– Det er der partane set saman informasjonen dei har om kva som er fiska, og det er der man avdekker eventuelle regelbrot, altså overfiske, om det har førekomme.

Jørgensen seier også at det er eit større problem at russarane skriv i protokollen at dei kan ta i bruk retten til å suspendere deltakinga si i alle underorgan.

– Om Russland forlèt fleire undergrupper i fiskerikommisjonen, kan det bety ei kraftig svekking av fiskerisamarbeidet.

Kjenner ikkje til omfanget

Jørgensen meiner det ut frå protokollen ikkje er mogleg å lese kor stort omfanget av dei varsla russiske suspensjonane kan bli.

– Altså om dei kjem til å innstille samarbeidet heilt eller delvis på dei ulike underområda.

Trålaren «Norvezjskoje more» er eit av fartøya som ikkje får fiske i norsk økonomisk sone etter nyttår.

Uro i russisk fiskerinæring

Russiske fartøy får fiske i norsk økonomisk sone fordi torsken er større der enn i oppvekstområda aust i Barentshavet.

I sommar bestemte Noreg at fartøy frå to av dei største reiarlaga i Nordvest-Russland ikkje får fiske i norsk økonomisk sone etter nyttår. Norske styresmakter meiner at fartøy frå Norebo og Murman Seafood blant anna driv med etterretning.

Etter det trua russiske myndigheiter med å stenge alle norske fartøy ute frå russisk sone.

– Det skapte uro i deler av russisk fiskerinæring og frykt for at Noreg kan svare med same mynt, seier Jørgensen.

Det er fordi russiske fartøy tar ein stor del av sine kvotar i norsk økonomisk sone.

Norske fartøy blir ikkje råka i same grad om Russland stenger sin økonomiske sone.

– Dei driv ikkje noko omfattande fiske i russisk sone, seier Jørgensen.

Norske fartøy fiskar lite i Russlands økonomiske sone. Bildet er frå linefiske ytst i Tanafjorden.

Varierande entusiasme

Det er 50 år sidan den første norsk-russiske fiskeriavtalen blei inngått. Jørgensen seier det kan vere fleire grunner til at russarane har tatt kraftige atterhald i oppdateringa for 2026.

– Det er mange underliggande organ under fiskerikommisjonen. For Russland sin del kan det variere litt kor entusiastiske dei er. Eg trur for eksempel at det ikkje er tilfeldig at dei suspenderer deltakinga i analysegruppa, seier Jørgensen.

Ho trur Russland vil prioritere det som dei synest er viktig å samarbeide om.

– Dei tinga som dei kanskje ikkje synest er så viktig, sett frå deira synspunkt – eller som dei kanskje har vore litt misnøgde med – det vil dei suspendere. Det er ei moglegheit, avsluttar ho.

🏷️ Extracted Entities (21)

Russland (entity) Finnmark 📁 (category) Fiskeri i Finnmark 📁 (category) Fiskeriavtalen med Russland 📁 (category) Marianne Sivertsen Næss (person) Norge (entity) Seniorforskar Anne-Kristin Jørgensen (organization) Barentshavet (entity) Noreg (entity) EU (entity) Fridtjof Nansens Institutt (organization) Færøyene (entity) Grønland (place) Island (place) Murman Seafood (person) Nordvest-Russland (place) Norebo (entity) Norvezjskoje more (entity) Storbritannia (entity) Svalbard (entity) Tanafjorden (entity)

📊 Metadata

Category: Fiskeriavtalen med Russland, Fiskeri i Finnmark, Finnmark
OpenGraph Title: Russland trekker seg frå viktige delar av fiskerisamarbeidet
Twitter Title: Russland trekker seg frå viktige delar av fiskerisamarbeidet