Eit blodraudt kommunebudsjett?
Plus
I fjor blei me advart om at om me ikkje gjorde nokre strukturelle og tøffe endringar for å få eit meir berekraftig kommunebudsjett, ville ein måtte begynne å sjå på kutt som går meir direkte inn i kvardagen og tilboda til folket i kommunen. Me politikarar klarte ikkje å gjere nok i fjor, og difor er det heller ikkje overraskande at me har fått framlagt eit svært tøft og alvorleg budsjett av kommunedirektøren i år.
Spørsmålet no er: korleis får me eit «minst verst budsjett» i år, samstundes som me får gjort nok endringar til å kome på rett køyr? Personleg meiner eg at Rødt må vere eit ansvarleg parti og at me må vere tøffe nok til å tole å gjere vonde vedtak. Dette meiner eg fordi det ikkje tener oss å kome på ROBEK-lista.
Sjølv om ikkje alt av situasjonen i dag er kome av dårleg politisk styring, vil eg påstå det er å svikte som politikar om ein fører kommunen inn på ROBEK-lista. Difor er eg personleg klar for å ta nokre val i år. Val eg ikkje nødvendigvis støtter eller ynskjer, men som me likevel må gjere for å overleve i ein utruleg vanskeleg tid.
Det er kanskje på tide med eit blodraudt kommunebudsjett? Da ikkje i form av negative tal, men at Rødt får ein sterk påverknad på budsjettet. Me meiner me har fleire gode forslag til å gjere gode endringar, samstundes som ikkje klarer å reversere alle kutta. Eit von ein har er at budsjettforhandlingane på Stortinget vil utløyse meir pengar til kommunen. T.d. fekk Karmøy 23,5 millionar meir i frie inntekter i Rødt sitt alternative statsbudsjett lagt fram tidlegare i november. Så får vi sjå kva ein får til gjennom budsjettforhandlingane i med SV, AP, SP og MDG.
Lokalt ynskjer me i Rødt t.d. å kutte kraftig i politiske godtgjeringar. Me foreslår å kutte ordførar si løn med 41% (frå 1,4 mill. til ca. 800.000). Dette vil få fylgjer for resten av dei folkevalde sine godtgjeringar, i og med at det er knyta opp til ordførar si løn. Dette vil spare inn rundt 3 millionar kroner årleg. Dette, med nokre andre mindre justeringar, er nok til å redde Kolnes barnehage frå nedlegging.
Kolnes barnehage er Rødt Karmøy sin viktigaste sak i dette budsjettet. Rødt vil alltid vere den sterkaste forsvarar av kommunale barnehagar, og me kan ikkje gå med på å leggje ned Kolnes barnehage. Det er fleire orsakar til det, men ein av dei viktigaste faktorane er at politikarane i Karmøy har gjeve frå seg den demokratiske styringa av barnehagesektoren. Ved å leggje ned Kolnes vil ein fortsetje å gje meir makt til dei private barnehagane, og miste meir makt frå kommunestyresalen. Det er eit viktig, demokratisk prinsipp som Rødt ikkje kan stille seg bak.
Samstundes har me sett at Storesund barnehage har klart å auke tala i sin barnehage etter at dei blei redda i fjor. Me i Rødt trur Kolnes barnehage også kan lukkast med dette, og dermed bidra til at barnehagen ikkje blir ein økonomisk byrde for kommunen.
Når det kjem til skulesektoren meiner eg personleg – med noko usemje frå mine partikameratar – at me må gjere endringar. Som lærar meiner eg det er på tide å gjere nokre strukturelle grep for å styrka skulesektoren vår. I skulesektoren handlar det mindre om økonomi, og meir om ein ressursar i form av arbeidskraft. Eg har snakka med mange som jobbar i Karmøyskulen, og stemninga er at ein må gjere noko. Det vil diverre gå utover nokon også, men me må tenkje på Karmøyskulen som heilheit og ikkje som enkeltskular. Det kan vere tøft, og det kan vere upopulært å seie, men eg står for det med heile mitt hjarte fordi barna og ungdomane fortener den beste opplæringa dei kan få.
Det er mykje anna Rødt ynskjer å reversere av kutta. Nokre andre av dei er t.d. Karmøy kulturskule, tilskot til idretten, barnevern, sosiallærarar, psykisk helse og rus, og viktige stillingar som kreftkoordinator og prostidiakon. For oss er desse tiltaka direkte og konkrete inn mot innbyggjarane våre viktigare enn tal på kommunestyremedlemmar, kamp mot eigedomsskatt eller godtgjeringa til ordføraren.
Rødt jobbar hardt for å finne gode løysingar for å reversere dei verste kutta og samstundes få eit berekraftig budsjett. Det er ikkje lett, men me har trua på at eit blodraudt kommunebudsjett vil vere det beste for Karmøy. I Rødt prioriterer me kvalitet i tenestene til innbyggjarar – og det er eg stolt av.