Dyr og fyrverkeri: Eigaren meiner redd hund sprang seg i hel
Det vart ei vond avslutning pÄ Äret for matmor Randi Helene. Ho hÄpar at ingen andre lir same skjebne som Max (2).
Saka oppsummert:
- Hunden Max (2) dĂžydde muligens av hjertesvikt etter Ă„ ha blitt skremt av ulovleg fyrverkeri.
- Eigaren Randi Helene Dyngedal Bakke fann hunden dĂžd i skogen etter Ă„ ha leita desperat.
- Fyrverkeriet skjedde utanfor nyttÄrsfeiring.
- Facebook-posten hennar har fÄtt stor merksemd, med fleire tusen likerklikk og delingar.
- Bakke Ăžnskjer Ă„ advare andre hundeeigarar om farane ved fyrverkeri, spesielt ulovleg bruk.
Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frÄ OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar fÞr publisering.
â Han har nok sprunge seg i hel.
Det seier Randi Helene Dyngedal Bakke til NRK dagen etter at hunden vart funnen dĂžd i skogen.
Tidlegare same kveld skulle ho og ein ven gÄ ein idyllisk mÄneskinstur med hunden Max (2) i friluftsomrÄdet pÄ BurÞya i Arendal.
LEI SEG: Randi Helene Dyngedal Bakke gler seg ikkje til nyttÄrsfeiringa.
Der sÄg dei ein bil komme i mÞrket.
Like etterpÄ small det frÄ fyrverkeri i lufta.
â Han sĂ„g pĂ„ meg og sĂ„ sprang han, fortel Bakke grĂ„tkvelt om hunden.
Max var i langline, men laus akkurat dÄ fyrverkeriet small.
Bakke fortel at ho var i kontakt med politiet som sa det ikkje var noko lovleg fyrverkeri i omrÄdet.
NRK har ogsÄ sjekka dette med brannvesenet.
Eigaren har fĂžrebels ikkje meldt saka til politiet.
Slik fÞrebur hundeeigarar seg til nyttÄrsaftan:
Bad om hjelp
I eit desperat forsÞk pÄ Ä finne hunden tok ho til sosiale medium for Ä finne Max.
â Han var min beste venn, fortel ho om golden-doodelen sin.
Bakke beskriv Max som ein snill og litt bortskjemt hund. Han var ofte med pÄ jobben som miljÞterapeut for vanskelegstilt ungdom.
â Han var ein sĂ„nn gledesspreiar mot alle. Han gjekk alltid i hĂŠlane pĂ„ meg og dilta etter. Hadde nokon ein dĂ„rleg dag eller var lei seg, sĂ„ var han den fĂžrste som skulle trĂžyste.
LEIK: Max blir beskriven som ein leiken hund.
Truleg blei hunden sÄ redd at han sprang seg i hel, meiner Bakke.
â Eg fann han med tunga ut av munnen og han var heilt blĂ„. Det er eit teikn pĂ„ hjartesvikt. seier ho.
NÄ vil ho Ätvare andre fÞr nyttÄrsfeiringa.
Facebook-posten hennar har fÄtt stort engasjement og har fleire tusen likarklikk og er delt over 550 gonger.
Randi Helene Dyngedal Bakke tok til Facebook for Ä spÞrje om hjelp. Posten har fÄtt over 2800 likarklikk.
Dei siste Ära har fleire teke til orde for Ä gjere privat fyrverkeri ulovleg.
Ein underskriftskampanje kalla «Nei til fyrverkeri» har i skrivande stund over 60.000 underskrifter.
Gruar seg
Bakke fortel at ho hadde teke alle forholdsreglar rundt nyttÄrsfeiringa og hadde planlagt Ä reise til fjells der det er lite fyrverkeri.
â Det er vanskeleg Ă„ gardere seg mot ulovleg fyrverkeri.
VeterinÊr Anna Nordstrand i Mattilsynet hadde lese om hunden dÄ NRK tok kontakt og er tydeleg pÄ at ho synest det er ei tragisk sak.
Ho seier det er sjeldan at hundar spring seg i hel, men utelukkar det ikkje.
â Det kan tyde pĂ„ organsvikt, seier Nordstrand om den blĂ„ tunga.