Herold

Denne gjengen er kommunens beste i Counter-Strike

Plus
Kilde: Kvinnheringen Author: Marius Tveit Nissestad Published: 2025-12-31 06:00:00
Denne gjengen er kommunens beste i Counter-Strike

IL Trio har kåra kvinnheradmeistrar i tre ulike spel denne romjula. Sjå kven som vann her.

Som Kvinnheringen skreiv måndag har IL Trio si e-sportsgruppe hatt travle dagar i romjula, kor dei arrangerte ein datafest over to dagar i gymsalen til Undarheim skule.

I løpet av desse dagane gjekk det også tre kvinnheradmeisterskap av stabelen i gymsalen. Blant anna i det populære spelet Counter-Strike.

Her var toppremien på 5.000 kroner, og vinnarlaget var UKR, med lagkaptein Igor Rodzevych.

I Minecraft gjekk Markus Nordnes Blokhus til topps, føre Tommy Hauge og Leonard William Hortman på andre og tredje plass.

I Fortnite var det Lucas André Sjo som var best, medan Malvin Mehl Prestnes og Odin Poudel Telstø vart nummer to og tre.

Vinnarane i Minecraft og Fortnite stakk av med ein premie på 1.000 kroner, medan nummer to og tre vann høvesvis 300 kroner og ein høgtalar.

– Konkurransane gjekk fint, men ikkje heilt problemfritt. Men det såg ut som at deltakarane storkosa seg. Vi arrangørane har også hatt det veldig kjekt, men vi treng fleire frivillige til å bli med og arrangera om vi skal auka kvaliteten. Elles vil vi takka frivillige, deltakarar og alle sponsorar, seier Raymond Hauge Johansen i e-sportsgruppa.

Ny A-lagstrenar for Trio: – Gjer vi jobben bør vi ha eit lag som konkurrerer om opprykk

🏷️ Extracted Entities (14)

Counter-Strike (entity) Fortnite (entity) IL Trio (organization) Minecraft (entity) Igor Rodzevych (person) Leonard William Hortman (person) Lucas André Sjo (person) Malvin Mehl Prestnes (person) Markus Nordnes Blokhus (person) Odin Poudel Telstø (person) Raymond Hauge Johansen (person) Tommy Hauge (person) UKR (entity) Undarheim (place)