Herold

Kommunen skal skrive ny husleigekontrakt for 60 millionar – men Evja blir ikkje vurdert

Plus
Kilde: Firdaposten Author: Svend Arne Vee Published: 2025-12-31 03:57:00
Kommunen skal skrive ny husleigekontrakt for 60 millionar – men Evja blir ikkje vurdert

Om ei drygt år går Kinn kommune sin husleigekontrakt i Øklandbygget ut. Men lite tyder på at det blir noko flyttesjau.

  1. desember sende Kinn kommune ut ei såkalla intensjonskunngjering, der dei fortel at dei har forhandla fram ein ny leigekontrakt i Øklandbygget i Florø sentrum, til ein kostnad av seks millionar kroner i året. Kontrakten har ei tiårs lengd.

Dagens leigekontrakt går ut 1. februar 2027, og i kunngjeringa ber kommunen no andre aktuelle utleigarar om å melde interesse for å konkurrere om den verdifulle kontrakten, der kommunen ønskjer:

  • 3000 kvadratmeter kontor- og administrasjonslokale, inkludert:
  • møterom
  • kundemottak
  • alt areal samla i eitt bygg
  • universell utforming og lett tilkomst for publikum og tilsette

I utlysinga si påpeikar kommunen at dei er opne for både fem og ti års lengd på leigekontraktar.

Vil ikkje vurdere Evja

Men i utlysinga ligg det ei klar avgrensing i lokalisering frå kommunen si side:

Den som vil tilby kommunen nye kontorlokale må ha tilhald innafor eit område som er avgrensa slik:

  • Fugleskjærgata i vest
  • Hans Blom gate i sør
  • Florø kulturhus i aust

Dermed krympar talet på potensielle utleigarar drastisk. Samtidig, berre ei dryg juicetankar-lengd lengre aust, ligg næringsbygga på Evja, der store næringsareal står ubrukte, med langt betre parkering og tilkomst for både tilsette og publikum enn kva ein har i eit tidvis overbelasta sentrum.

Bio Rolf Bjarne Sund – Kvifor er Evja uaktuelt å vurdere for kommunen?

– Det er det lett å svare på. Vi har eit klart ønske om å halde til i kjerna av sentrum, for å bidra til liv og aktivitet. Det er snakk om ein stor arbeidsplass med mange tilsette, og ved å halde til midt i byen, meiner vi at vi bidreg positivt til sentrumsmiljøet, seier kommunalsjef Rolf Bjarne Sund.

Vil tømme rådhuset

Som Firdaposten skreiv om tidlegare i haust, inngår det også planar om å fase det gamle rådhuset heilt ut av drift i tida som kjem. I dag har rundt 10 kommunalt tilsette arbeidsstaden sin her, men målet er å få desse integrert i det nye leigelokalet.

– Samtidig skal vi jobbe parallellt med å skape ny aktivitet i det gamle rådhuset, seier Sund.

Rådhuset kan bli ståande tomt

🏷️ Extracted Entities (7)

Evja (entity) Bio Rolf Bjarne Sund (person) Kinn (entity) Øklandbygget (entity) Florø (entity) Hans Blom gate (organization) Kvifor (entity)