Herold

Politiloggen: – Lurt å melda frå til brannvesenet

Plus
Kilde: HF Author: Kristin Eide Published: 2025-12-30 23:51:00
Politiloggen: – Lurt å melda frå til brannvesenet

Frå klokka 12.30 til om lag klokka 15 måndag hadde ein patrulje frå UP fartskontroll ved Kyrkjeneset på Rv 13. Her vart det skrive ut eit forenkla førelegg til ein sjåfør som heldt 95 km/t i 80-sona.

Den same dagen fekk Hardanger politistasjon melding frå ein forbipasserande som trudde det var skogbrann på Espe. Politiet rykka ut, medan brannvesenet tok kontakt med naboar i det aktuelle området.

Personbil hamna på taket

– Det viste seg at det var bråtebrann, og at dei som var der hadde kontroll på situasjonen. Det var ved ei steinrøys, og dei skulle brenna meir i dag, opplyser politioverbetjent Bodil Nakkerud tysdag.

Ho tipsar om at det kan vera lurt å melda frå til brannvesenet om ein har planar om å brenna hageavfall og liknande, slik at ein unngår unødvendige utrykkingar. Ein må også sjekka kva som er lov å brenna privat, og kva ein må levera til renovasjon.

i 22.30-tida måndag kom det også melding om høg musikk frå ei adressa i Odda. Meldaren sa at dette var eit gjentakande problem, men politiet rykka ikkje ut då.

Ønskjer kontakt med vitne etter knivtruslar

🏷️ Extracted Entities (7)

Bodil Nakkerud (person) Espe (entity) Hardanger (entity) Kyrkjeneset (entity) Odda (entity) Rv (entity) UP (entity)