Herold

Det er snart nyttårsaftan: Dette må du vita

Plus
Kilde: Hordaland Author: Marita Saue Skjoldli Published: 2025-12-30 20:00:00
Det er snart nyttårsaftan: Dette må du vita

Veit du kva reglar som gjeld på nyttårsaftan? Her får du ei oversikt.

Voss brannvern har saman med Ulvik brannvern, Eidfjord brannvern og Bir Voss og Hardanger laga «fyrverkerireglane».

Det er berre tillate å bruka fyrverkeri mellom klokka 18:00 og 02:00, og du skal ikkje skyta opp fyrverkeri om det kan oppstå fare for brann eller personskade.

  1. Førebu fyrverkeriavfyringa i god tid og finna ein eigna stad for avfyring.
  2. Les bruksrettleiinga nøye før bruk.
  3. Kontroller at fyrverkeriet ikkje er skada.
  4. Sørg for at fyrverkeriet ikkje kan velta.
  5. Bruk tennstav. Ikkje bruk lighter, fyrstikker eller anna open flamme.
  6. Bruk vernebriller.
  7. Bøy deg aldri over tent fyrverkeri. Når du har tent lunta, bør du raskt snu ansiktet vekk og kome deg i trygg avstand.
  8. Fyrverkeriet må ikkje tennast på nytt dersom fyrste forsøk feila.
  9. Hald god avstand frå oppskytinga.
  10. Alkohol og fyrverkeri høyrer ikkje saman.

Nedbør på kvelden

Det er også fleire ting å tenkja på etter oppskytinga.

  • Avbrent fyrverkeri må lagrast utandørs i god avstand til brennbart materiale til godt utpå dagen etter. Deretter skal avbrent fyrverkeri kastast i dunk for restavfall.
  • Ubrukt eller defekt fyrverkeri skal leverast attende til forhandlar.

Førebels viser vêrmeldinga at det kan bli flau vind og nedbør som regn med temperaturar rundt tre plussgrader på kvelden nyttårsaftan.

Driv med førebygging

I tida fram mot nyttårsaftan har fleire brannførebyggarar vore ute og kontrollert utsala på Voss og i Eidfjord.

– Kvart år besøkjer me utsala i vårt distrikt og sjekkar at alle forskrifter vert fylgde og at løyver er i orden. Og det opplever me at dei har, seier Geir Ove Pedersen i Voss brannvern.

I tillegg til å selja fyrverkeri, har også seljarane eit ansvar knytt til å gje informasjon om sikker bruk til kjøparen.

– Til dømes bruk av vernebriller. Det har me eit stort fokus på i år. Og ikkje minst at seljarane bidreg til at publikum får sikker og trygg bruk.

Send oss dine jole– og nyttårsbilete

🏷️ Extracted Entities (5)

Bir Voss (person) Eidfjord (place) Geir Ove Pedersen (person) Hardanger (entity) Ulvik (place)