Herold

Eit mareritt pressa fram med gode intensjonar

Plus
Kilde: BA Author: Sølve Rydland Published: 2025-12-30 19:10:17
Eit mareritt pressa fram med gode intensjonar

Dette bildet verkeleg osar av kva Bergen er, har vore og bør vera. Riksantikvaren vil ha slutt på det.

Smartembed for https://www.ba.no/api/graff/v1/component/enkel-biografi?id=141407

Det er heilt sikkert mange svar på kva Bergen eigentleg er, kva Bergen har vore, og kva Bergen bør vera i framtida.

Eg skal likevel drista meg med eit kort og konsist forslag, som eg meiner rommar det meste:

Bergen er ein levande hamneby full av historie.

Derfor er det eit dundrande paradoks at det statlege organet som har ansvaret for å ta vare på norsk kulturarv – altså Riksantikvaren – no går inn for å rokka ganske kraftig ved nettopp denne premissen.

Riksantikvaren ønsker nemleg å freda kaiområdet mellom Festningskaien, Skoltegrunnskaien og Bontelabo.

Det er eit forslag som vil få store konsekvensar for Bergen sin kapasitet som hamneby.

Den naturlege følgen er at det rokkar ved kva Bergen er.

Medan større skip framleis skal kunna legga til kai ved Skoltegrunnskaien, foreslår Riksantikvaren kraftige avgrensingar på dei to andre kaiane; Festningskaien og Bontelabo.

Forslaget går ut på at berre tre større skip (meir enn 24 meter langt eller 11 meter høgt) skal kunna ligga til kai ved desse to kaiane i løpet av ei veke, og at landligga maksimalt skal kunna vara i 16 timar.

Ifølge Bergen havn vil det bety 450 færre hamneanløp kvart år, og at om lag 45 av 100 millionar i årlege hamneavgifter vil gå tapt.

Konsekvensen er at du i beste fall må plassera eit spørsmålsteikn bak «levande hamneby», i verste fall setta ein strek over ordet «levande».

Grunnen til at vernevedtaket kan vera så problematisk, er at hamnekapasitet i endå større grad kjem til å verta eit mangelgode i løpet av åra som kjem.

Om det skal verta framdrift i planane om å få i gang byutvikling på Dokken, må dei sørlegaste hamneareala på Dokken frigjerast til utbygging. Det er ganske prekært. Bergen treng sårt fleire innbyggarar sentralt i byen, det må til for at Bergen framleis skal vera tilstrekkeleg levande.

Konsekvensen er at det som er igjen av hamnekapasitet må utnyttast betre – ikkje dårlegare.

Uavhengig av Riksantikvaren, kjem Bergen si rolle som hamneby altså til å komma under press.

Det mange har trudd har vore den enkle løysinga, er å flytta det meste av hamneaktivitet ut av byen. Det har vore vanskelegare gjort enn sagt.

For å gjera ei lang historie kort: Det er ingen som har vore villige til å betala rekninga for å flytta hamna ut av byen.

Spørsmålet er òg om det eigentleg er ønskeleg.

Joda. På sikt må ein finna løysingar for dei aller mest arealkrevjande delane av hamnedrifta, altså containerhamna.

Men, vil me verkeleg at Bergen skal verta ein by utan næringsretta hamneaktivitet.

Det har ikkje mangla på visjonane.

Når arkitektar og utbyggarar har teikna ut visjonane sine for Dokken, er aktiviteten på Puddefjorden avgrensa til fritidsbåtar og nokre fredfulle kajakkpadlarar.

For nokre år sidan vart det òg presentert vidløftige visjonar om at Festningskaien, Skolten og Bontelabo skulle omgjerast til slags eventyrland for luksusyachtar, seglbåtar og fotgjengarar. Utan eit einaste nyttekøyretøy eller nyttefartøy verken på Byfjorden, Vågen eller på land.

Enkelte synst sikkert at illustrasjonane minner om ein slags idyll. Eg vil hevda at dei vitnar om eit regelrett mareritt.

Å sjå føre seg Bergen som by utan seriøs næringsaktivitet langs sjøfronten, er å sjå føre seg eitt Bergen som ikkje lenger er det Bergen me kjenner.

Puddefjorden, Vågen og Byfjorden må aldri verta noko nusseleg kulisse.

Den dagen Bergenvert ein by utan støy, utan arbeidsfolk, utan skip som skjermar litt for utsikta, og utan næringsaktivitet langs kaiane, har Bergen vorte ein annan by.

Lenge før ein har hamna dit, har ein for lengst kasta sjølve verdigrunnlaget til ein hamneby på båten.

Ein hamneby er nemleg ein by som føler på eit ansvar for å ta i mot dei som ønsker å legga til kai. Det er ein slik by Bergen har vore til alle tider.

Ein by som har teke i mot nesten kven det skal vera, med opne armar.

Bildet denne kommentaren starta med er eit godt døme på det. Eit supplyskip som låg til kai midt i hjarta av Bergen – på Festningslkaien – ei romjul. Akkurat det Riksantikvaren vil ha slutt på.

Det betydde at mannskapet, som var borte frå familiane sine i jula – kunne legga landligga til ein levande by. Ikkje ein kva som helst by. Nei, i ein langt over gjennomsnittleg levande hamneby rik på historie.

Om Bergen no skal avvisa skip på grunn av krav frå Riksantikvaren er det slike besøk det vert færre av. Ja, då vil ein god del av kulturhistoria til denne levande hamnebyen òg legga frå kai.

Det er vanskeleg å forstå at det skal vera jobben til Riksantikvaren.

Likevel har Bergen ein jobb å gjera. Det finst nemleg ein type gjestar Bergen ikkje toler at det vert så mange fleire av. Me snakkar sjølvsagt om cruisepassasjerane.

På dette feltet har Bergen sett i gang med nokre grep, som no må vidareutviklast. Bergen har nemleg innført strengare krav til miljøstandarden på dei cruiseskipa som får legga til kai, og auka hamneavgiftene til cruisereiarlaga.

Her må Bergen verta endå tøffare. Det må kosta meir å legga til med cruiseskip i Bergen, og Bergen må stilla endå strengare krav til dei som skal få komma.

Dette er det største paradokset i den levande hamnebyen. Den historiske haldninga om at ein skal ta i mot alle med opne armar er i ferd med å verta kvelt av den påtrengande og minst sympatiske forma for masseturisme.

Det er òg paradoksalt fordi det berre er cruiseturismen Bergen havn verkeleg tenar pengar på. Derfor må løysinga å verta å skvisa cruisereiarlaga og cruiseturistane maksimalt for pengar.

Slik at så få som mogleg legg igjen så mykje pengar som mogleg, og framleis bidreg til å finansiere ein levande hamneby.

Bergen må framover i staden jobba for at fleire kan komma til Bergen sjøvegen på ein meir berekraftig måte.

Bergen må jobba i lag med resten av kysten for at Hurtigruten vert revitalisert som eit reelt transportalternativ folk langs kysten kan stola på.

Bergen må kjempa for å få pusta liv i dei nedlagde sambanda til England, men òg øyane i Nordsjøen, som Shetland, Færøyane, Orknøyane og gjerne Island.

Bergen bør òg satsa på miljøvenleg sjøtransport til omlandskommunane.

Det skjer ikkje utan aktiv politisk innsats.

Dei som skal teikna planane for Bergen, må gje plass til denne aktiviteten òg i det framtidige bybildet. Bergen må ikkje verta som Stavanger. Ein by der danskebåten legg til kai langt uti gokk.

Riksantikvaren bør forstå at det vil gjera opplevinga av Bergen mindre historisk korrekt.

Derfor er byrådet sin plan om meir sameksistens mellom hamn og byutvikling på Dokken gledeleg.

Det vil innebera nokre skip som innimellom sperrar utsikta frå Bergenhus festning, Bryggen, eller den nye bydelen på Dokken.

Enkelte vil hevda at det vert støyande, visuelt øydeleggande, og lite i tråd med visjonar om ein by for kajakkar og fritidsbåtar.

Den utopien er uansett ein dystopi. Skal hamnebyen vera levande kan ein ikkje verna kaiane mot skip.

Det vil vera å verna Bergen mot det som mest av alt kjenneteiknar Bergen.

🏷️ Extracted Entities (21)

Bergen (entity) Dokken (entity) Riksantikvaren (entity) Bontelabo (entity) Festningskaien (entity) Byfjorden (entity) Skoltegrunnskaien (entity) Vågen (entity) Bergenhus (entity) Bryggen (entity) England (place) Festningslkaien (entity) Færøyane (entity) Hurtigruten (entity) Island (place) Nordsjøen (entity) Orknøyane (entity) Puddefjorden (entity) Shetland (place) Skolten (entity) Stavanger (entity)