Herold

Rydd opp i økonomien før nyttår og set deg nye sparemål for 2026

Kilde: NRK Author: Marthe Synnøve Susort Johannessen Published: 2025-12-30 18:43:40
Rydd opp i økonomien før nyttår og set deg nye sparemål for 2026

2025 er på hell. Men før du kan ta steget inn i eit nytt år er det nokre ting du må hugse for økonomien din.

– Eg sparer til ny mobil!

Jenny Haldin er på bytur i lag med mamma Irene Flatnes Haldin. I handa held ho ein nytrakta kaffi frå kaféen like ved.

– Du ofrar ikkje takeaway for å nå målet?

– Nei, nå har eg brukt mamma sine pengar.

– Det er eit godt sparetips å bruke mamma sine pengar ...

– Ja, det er ganske fint.

Lenger nede i saka kan du lese kva sparemål andre har sett seg for det nye året.

Jenny Haldin sparer til ny mobil og håpar å nå målet i 2026. Men då blir det færre innkjøp. Og sparepengane overfører ho til ein eigen konto.

Er 2026 året du endeleg skal få spart opp den bufferen eller skal få råd til draumeferien?

Og korleis var det med skattefordelar før nyttår?

Ekspertane gir deg dei ti beste råda på tampen av 2025 og for eit godt nytt økonomisk år.

Sjekk skattekortet

Først må du finne fram skattekortet du fekk midt i desember.

– Gå gjennom skattekortet og sikre at du har rett grunnlag for 2026, oppfordrar Lene Drange.

– Har du fått meir lån, kutta i pendlinga eller blitt forelder i 2025 kan trekket vere uriktig, seier Hallgeir Kvadsheim.

Ta ei ekstra vakt før nyttår

Frikortgrensa auka til 100.000 kroner i år. Er du student eller skuleelev? Ta ei ekstra vakt om du har tent under grensa i år, er rådet frå Kvadsheim.

BSU, aksjar og fond

BSU og eventuell IPS er neste på lista før nyttår.

– Har du fylt opp BSU-ein eller IPS-ein? BSU gir både god rente og skattefordel, seier Drange

Dersom du eig aksjar eller fond utan aksjesparekonto må du hugse at gevinst eller tap blir skattepliktig eller gir frådrag når du sel dei.

– Har du uansett bestemt deg for å selje kan det reint skattemessig lønne seg å selje dei som har sokke i verdi før nyttår, så får du utnytta tapsfrådraget så tidleg som mogleg, seier ho.

Mange bekkar små

Så skal det ryddast.

– Før nyttår er eit godt tidspunkt for å avslutte strøymetenester, forsikringar eller avtalar du ikkje bruker, seier Drange.

Få oversikt over gjeld og renter

Fram med papir og penn. Logg på og gå gjennom gjeld og renter.

– Å reforhandle eller samle dyr gjeld før nyttår kan gi økonomisk gevinst med ein gong, seier Drange

Ok, då skal du vere klar for det nye året:

Lag budsjett for 2026

Eit enkelt budsjett gir kontroll, er rådet frå Drange.

– Ei god rettesnor for kvardagsøkonomien, seier Kvadsheim.

Og nettbanken har gode funksjonar for å få oversikt over forbruk.

Fast trekk

– Det gjer sparinga til ein vane og ikkje eit val du må ta kvar månad. Og bygg buffer. Ein til tre månadslønner gir økonomisk tryggleik og reduserer behovet for dyr kreditt når noko uventa skjer, meiner Drange.

Tving deg sjølv med usynleg sparing, altså automatisk trekk, er Kvadsheim sitt råd.

Sett økonomiske mål for året

– Det kan vere å betale ned ein bestemt sum gjeld, spare til bustad eller ferie. Eller få betre kontroll. Tydelege mål aukar sjansen for å lukkast, seier Drange.

Dette skal folk spare til i 2026:

Den årlege sjekken

– Sjekk forsikringane dine kvart år. Send dei på anbod. Det er ikkje uvanleg å spare fleire tusenlappar, seier Kvadsheim.

Sparsam januar

Desember er ein dyr månad for mange. Januar er tid for å ta det litt rolegare.

– Ein roleg januar (for lommeboka) kan gi både økonomisk pusterom og betre vanar vidare i året, meiner Drange.

🏷️ Extracted Entities (8)

Hallgeir Kvadsheim (person) Lene Drange (person) Personlig økonomi 📁 (category) Rogaland 📁 (category) IPS (entity) Irene Flatnes Haldin (person) BSU-ein (entity) Jenny Haldin (person)

📊 Metadata

Category: Personlig økonomi, Rogaland
OpenGraph Title: Rydd opp i økonomien før nyttår og set deg nye sparemål
Twitter Title: Rydd opp i økonomien før nyttår og set deg nye sparemål