Herold

Lat oss blĂžma!

Plus
Kilde: Hordaland Author: Nevenka Waring Published: 2025-11-26 18:50:00
Lat oss blĂžma!

Det er kome gode innspel frÄ Evanger grendelag til hÞyring av ny skule- og barnehagestruktur og arealplan.

Her fylgjer nokre av mine tankar. Som de kjem til Ä sjÄ, sÄ er dette mine refleksjonar.

Eg har ikkje finlese eller plukka hÞyringsdokumenta frÄ kvarandre, rekna eller leitt etter smotthol/feil. Ei heller har eg saumfare kart, sone, tal og statistikk. Eg treng heller ikkje tenke taktikk i denne saka men freistar heller Ä skildre noko av det som kanskje stÄr pÄ spel, frÄ mitt perspektiv.

Eg har ikkje smÄborn eller skuleborn lenger, sÄ eg hadde ikkje trunge Ä engasjere meg i denne saka denne gongen.

Men – eg har hjarta for bygda mi, for komande generasjonar og eit ynskje om Ă„ framleis kunne vere stolt av at folk har lyst Ă„ bu her trass i Ă„ «vere ute i periferien» til Voss sentrum.

Me har mange gode og engasjerte vassvÞrer bÄde pÄ Evanger og Bolstad. Me er kjende for god dugnadsÄnd og samhald og gode, aktive bygdesamfunn.

Lat oss fÄ lov, og fred, til Ä halde fram slik. Eg syns det er leitt at bygdene pÄ ein mÄte vert sett opp mot kvarandre og at det synast som ein mÄ vere villig til Ä ofre den eine, for Ä sikre den andres rett til Ä barnehage i bygda si.

Eg seier igjen, som eg har sagt fĂžr, barnehagar bĂžr vere der borna bur. BÅDE BolstadĂžyri og Evanger treng barnehage i si bygd. Eg skulle ynskt at god omsorg for born og foreldre og bygdene i utkantane var grunnleggjande og vekta i debatten, ikkje berre tenkte Ăžkonomiske innsparingar. For det gjer noko med oss Ă„ stadig hĂžyre at me er ein unĂždvendig utgiftspost for heradet. Eg vil at blikket skal vendast. Kva er Voss herad utan levelege grender?

Det ville vere god omsorg om heradet stÞtta oss og opprettheld drift i begge barnehagar, og pÄ den mÄten synlegjere at me ogsÄ er av verdi for heradet. Det er nemleg andre grunnleggjande verdiar som stettast og kan innkasserast som gevinstar og danne stÞdigt fundament for bygdene ved Ä behalde barnehagane. Bygdene vil kunne kjenne seg styrka. Biprodukt kan vere auka stoltheit, styrka lokalkjensla og lokalkunnskap, skapa rom for tette og gode relasjonar i bygdene pÄ tvers av generasjonar. Kanskje det til og med kan redusere den aukande einsemnde blant heimebuande eldre ved Ä invitere inn til felles prosjekt pÄ tvers av generasjonar? (Noko barnehagane alt gjer).

Eg vil hevde at born som gÄr i vÄre lokale barnehagar, vil kunne oppleve sterkare lokaltilhÞyrsle til bygdene sine. NÄr barnehagen ligg i heimbygda kan bÄde borna i barnehagane vÄre og dei vaksne som arbeider der, verte godt kjent i lokalbygdas turomrÄde og fÄ kjennskap til, ta del i og nytte lokale ressursar i nÊromrÄdet. Dette kan vonleg skapa eit godt grunnlag i danninga av desse smÄ menneska. Noko, som pÄ sikt, kanskje kan medverke til at dei vil flytte heim att til barndomsbygda ei gong i framtida og busetje seg her nÄr dei sjÞlve skal stifte familie.

Ved Ä behalde barnehagane held me bygdene levande, ogsÄ pÄ dagtid. Eg, og vonleg fleire med meg, i bÄe bygder, har ikkje lyst til at vÄre fine smÄ grender blir reduserte til ein overnattingsstad, ein stad der me sÞv, vasker kle og et mÄltida vÄre og pendlar inn/ ut frÄ for bÄde arbeid, fritidsaktivitetar, skulegang og barnehage.

Heradet mÄ legge til rette for grender med eit bumiljÞ som er praktisk og leveleg for bÄde smÄbornsfamilier og eldre.

Eg meiner at Ä oppretthalde barnehagedrift bÄde pÄ Evanger og Bolstad er svÊrt essensielt og eit grunnleggjande kommunalt tilbod me mÄ ha, bÄde for at det skal vere attraktivt og tiltrekkjande for unge vaksne i etableringsfasen til Ä busetje seg her og for at dei barnefamiliane me er sÄ heldige Ä ha, faktisk skal klare halde fram Ä bu her i vest.

Alle som har hatt smÄborn veit kor hektisk og krevjande kvardagskabalen kan vere. Burde ikkje me og heradet som storsamfunn, leggje best mogleg til rette for Ä redusere stressnivÄet der me kan? StÞtte og hjelpe smÄbarnsforeldra og ikkje pÄfÞre ytterlegare stress pÄ born og vaksne med lengre (og farleg) reiseveg og stadig debattar om mellombelse skule- og barnehagelÞysingar?

Heradet gjer lurt i Ă„ investere i Ă„ oppretthalde tilboda om barnehage i begge bygdene i vest og dermed investere i heradet si eige framtid.

Levande grender treng folk som lever og bur der. Det er ikkje plass til alle sentralt pÄ Vangen!

Me treng eit mangfald av alle aldersgrupper bÄde i sentrum og i dei ytste grendene i alle deler av heradet. Det er god berekraftig politikk Ä sÞrge for ein busetnad der det bur ungar, vaksne og eldre i same bygd.

Ordtaket «It takes a village to raise a child» kjem til meg og legg grunnlag for tanken om ei kollektiv barneoppseding der sameksistens og omsorg for kvarandre i ei lita, kall det bygd, grend, tettstad, nÊrsenter, er berikende for alle aldersgrupper. Dette er ikkje noko som kan verdsetjast i kroner og Þre, men i samhald og tryggleik, gode kjerneverdiar i eit ivaretakande samfunn.

For meg er det paradoksalt at heradet nyttar ein illustrasjon av «livets tre» for Ă„ forklara samanhengen mellom senter og periferi – og dei legg til, stamma treng nĂŠring frĂ„ greinene (grendene), og greinene treng nĂŠring frĂ„ stammen (sentrum). I denne skule- og barnehagestrukturdebatten opplevast det nemleg som om heradet freistar stuva treet sĂ„ berre stamma veks seg stor, tjukk og kraftig.

Det er jo ytst pÄ greinene knoppar brest, lauva sprett og blomane blÞmer og veks seg vakre og duftande kvar vÄr. Utan lauv eller blÞming, dÞyr treet til slutt.

Lat oss i Voss vest (og dei andre utkantane) fÄ halda fram Ä bringe nÊring til trestammen og blÞme i all vÄr prakt!

Klar melding til heradet: – Bruk skulebygget til barnehage!

Heradet mÄ ta i bruk skulebygningen pÄ Bolstad til barnehage

Fulle hus pĂ„ Evanger: – Me kan ikkje klaga pĂ„ salet!

đŸ·ïž Extracted Entities (8)

Bolstad (place) BolstadĂžyri (entity) Bruk (entity) Evanger (entity) Fulle (entity) Vangen (entity) Voss (entity) Voss sentrum (place)