Herold

Slik blir vêret nyttårsaftan

Plus
Kilde: Sogn Avis Author: Ronja Årskaug Vallestad Published: 2025-12-30 13:00:23
Slik blir vêret nyttårsaftan

Først kjem det nedbør. Så kjem kulda.

– Hei! Ringjer frå Sogn Avis. Kan du seia litt om korleis vêret blir framover?

– Du òg?

Me er på langt nær dei første som ringjer vakthavande meteorolog Haldis Berge denne måndagen. Og me har same spørsmålet som dei fleste andre; korleis vert nyttårsvêret?

Etter ei ganske grøn og mild jul, ser det ut til at det kanskje snur no.

Måndag og tysdag byr stort sett på opphaldsvêr, men frå tysdag ettermiddag vert det litt meir byer.

Blir nedbør

På onsdag kjem det innover eit lågtrykk som legg seg over Sør-Noreg i løpet av kvelden på nyttårsaftan.

– Då ser det ut til at det blir nedbør, seier Berge.

Kva form den nedbøren har, kjem an på kvar du er.

– Det er antakeleg sludd eller snøbyer. I fjellet blir det i alle fall snø, men i låglandet er det litt i grenseland om det kan koma som regn eller sludd. Innover fjorden ser det ut til at det kan bli 2–3 varmegrader, seier Berge.

Berge tryggjar om at det mest sannsynleg ikkje blir noko nyttårsstorm.

– Det ser ikkje slik ut, nei. Generelt for Sogn og Fjordane ser det ut som at det vert mest vind på ettermiddag og tidleg kveld på nyttårsaftan. Så minkar det meir seint på kvelden. Det er i alle fall slik det ser ut no, detaljane er framleis usikre.

– Oppfordring til folk?

– Det er nedbør, så kle deg etter det. Varme klede som toler nedbør er vel kanskje stikkord, seier Berge.

Går ei kaldare tid i møte

På nyåret går me truleg ei kaldare tid i møte.

– Det heng nok i nokre byer første delen av første nyttårsdag, men utover ettermiddagen og kvelden går det mot opphaldsvêr. Frå fredagar vert det austatrekk og kaldt vintervêr, seier meteorologen.

Då kan ein samstundes venta seg opphaldsvêr.

– Nokon skulle vel ønskt at det kom meir snø før det vart så kaldt, men det blir likevel fint vintervêr, seier ho.

Her er meldinga for Sogndal og Årdal dei neste ti dagane. Slik ser det stort sett ut ved resten av bygdene langs fjorden også:

Sogndal vêr

Smartembed for https://www.sognavis.no/api/graff/v1/component/vaer-melding?id=452351

🏷️ Extracted Entities (5)

Haldis Berge (person) Fjordane (entity) Sogndal (place) Sør-Noreg (entity) Årdal (place)