Ahmed stoppa skytinga på Bondi Beach: – Eg tenkte ikkje på å skyte
Han sprang rett mot gjerningsmannen og tok frå han våpenet. Nå fortel Ahmed al Ahmed for første gong om augeblikket som kunne kosta han livet.
Saka samanfatta
- Ahmed al Ahmed risikerte livet sitt for å avvæpna ein av gjerningsmennene under terrorangrepet ved Bondi Beach i Sydney, der 16 personar vart drepne.
- Han vart skoten fem gonger og har fått nerveskadar i venstre hand, som kan vere permanente.
- Ahmed angrar ikkje på handlingane sine og oppfordrar til å stoppa terrorisme og spreia kjærleik uavhengig av religion.
- Han nekta å bruka våpenet han tok frå gjerningsmannen, fordi han ikkje ønskte å ta liv.
- Ahmed har blitt hylla som ein heilt for å ha redda mange liv under angrepet.
Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRKs journalistar før publisering.
– Eg kunne ikkje handtere det, å høyre barn, kvinner, eldre og menn skrike og be om hjelp, seier Ahmed al Ahmed til CBS News.
Til TV-kanalen opnar han opp om terrorangrepet ved Bondi Beach i Sydney, der 16 personar blei drepne. Det er første gong han uttalar seg om det som skjedde, etter at han vart skriven ut av sjukehus.
Angrepet skjedde 14. desember, da to menn begynte å skyte mot ei hanukka-feiring på Bondi Beach.
Midt i kaoset greip Ahmed inn.
Han sprang mot ein av skyttarane og klarte å ta frå han våpenet.
På få minutt gjekk han frå å vere ein heilt vanleg frukthandlar busett i Sydney, til å bli ein verdskjend helt.
Ahmed al Ahmed blir hylla verda over. Her har ein graffitikunstnar måla ansiktet hans på ein vegg i Melbourne.
Men den heltemodige innsatsen har kosta. Han har fått nerveskadar i venstre hand, som kan vere permanente.
Legene har sagt at han kanskje aldri blir heilt bra.
Totalt blei Ahmed skoten fem gonger. Tre kuler i brystet, to i armen og skuldra.
Ahmed al Ahmed med delstatsminister Chris Minns på sjukehuset.
Likevel angrar han ikkje på valet:
– Det eg vil seie til alle rundt om i verda, ikkje berre i Australia, er: Ver så snill, stopp terrorisme og stopp hatet. Vis kjærleik til alle menneske, uansett religion, oppfordrar Ahmed.
Terrorangrepet på Bondi Beach i Australia
- Mange jøder var søndag samlet på stranden Bondi Beach ved Sydney for å feire den jødiske høytiden hanukka da to personer begynte å skyte mot forsamlingen.
- Minst 16 mennesker er bekreftet døde, og 38 er såret ifølge australske myndigheter.
- Politiet mener dette var et målrettet angrep, og ser på angrepet som en terrorhendelse.
- To menn står angrepet, de er far og sønn på henholdsvis 50 og 24 år.
- Lederen for delstatsregjeringen i New South Wales sier at handlingen var rettet mot det jødiske samfunnet i Sydney, og at det er klassifisert som en terrorhendelse.
- Den eldste av gjerningsmennene er blant de drepte. Den andre er på sykehus med kritiske skader.
- Politiet sier de har funnet en bil med hjemmelagde eksplosiver ved stranden, som knyttes til den avdøde mannen.
- En mann kastet seg over en av gjerningsmennene og tok fra ham våpenet.
- UD har ingen informasjon om at nordmenn skal være rammet i skytingen.
– Eg vil ikkje ha blod på hendene
Om ikkje frukthandlaren hadde gripe inn og overfalle ein av skyttarane, kunne talet på døde ha vore enda høgare, meiner delstatsminister Chris Minns.
– Den mannen er ein ekte heilt og eg tviler ikkje på at det er mange, mange menneske som lever i kveld grunna motet han synte, sa ministeren etter angrepet tidlegare i desember.
Til CBS News fortel Ahmed at det einaste målet han hadde var å redde uskuldige liv.
Da han blir spurt om han vurderte å skyte den avvæpna skyttaren, svarte han at han ikkje er «ein som kan ta liv».
– Eg tenkte ikkje på å skyte, og eg vil ikkje ha blod på hendene, seier han til TV-kanalen.
I etterkant av terrorangrepet har Ahmed blitt hylla verda over for å ha risikert sitt eige liv for å redde framande.
Ifølge han sjølv finst det ingen «framande».
– Eg risikerte livet mitt for uskuldige menneske. Eg kan ikkje kalle dei framande, fordi dei er menneske, som meg og deg, seier han.