Håpar mange vil delta i nyttårsduellen i fugleteljing
Plus
BirdLife Sunnhordland inviterer fugleentusiastar til å bli med på «Nyttårskryss», ein uhøgtideleg, men prestisjetung konkurranse.
Kan Sunnhordland slå Midthordland i fugleteljing?
Spørsmålet blir stilt av styreleiar Espen Bore Hollund i BirdLife Sunnhordland, i ei fersk pressemelding. Frå nyttårsaftan til 2. januar går den årlege konkurransen «Nyttårskryss» av stabelen – ein konkurranse mellom fire regionar i gamle Hordaland, som går ut på å observera flest ulike fugleartar i løpet av desse tre dagane.
I pressemeldinga er det presisert at det er ein intern kamp mellom alle fire regionane, men at det dei siste åra har utvikla seg ein særleg intens duell mellom Midthordland – som altså er bergensområdet – mot resten av fylket. Sistnemnde vann i fjor med margin på éin art.
«Denne delen av konkurransen er alltid jamn og spennande, og vi i Sunnhordland treng kvar einaste observasjon for å hevda oss i toppen», seier Bore Hollund i pressemeldinga.
BirdLife Sunnhordland understrekar at ein ikkje treng å vera ein erfaren fuglekikkar for å bidra, og at ein kan delta frå kjøkkenvindauget. Det er nemleg her mange av dei mest spennande observasjonane blir gjorde, og somme gonger dukkar det opp sjelde gjester som bidra til siger.
«Plutseleg sit det ein art på fuglebrettet som kan sikra oss poeng. Vi er særleg på utkikk etter artar som munk, jernsporv, måltrast eller gulsporv. Har du vore heldig og fått besøk av ein kvithovudsporv eller dvergsporv, må vi få vita det» seier Bore Hollund.
Utanfor hagen er det òg mange artar organisasjonen håpar å registrera i år. Av artar som lever ved sjø og vatn listar dei opp blant anna isfugl, tjeld og grønlandsmåse. I skog og mark er det svært ønskeleg med observasjonar av blant anna musvåk og nøttekråke, men ein skal heller ikkje gløyma vintergjestene på jorda, som kortnebbgåsa eller kanskje ei vipe som har tjuvstarta våren.
«Det er svært enkelt å vera med. Du treng ikkje ha mange eller uvanlege observasjonar – alt tel!», står det i pressemeldinga.
For å delta må du notera kva fuglar du ser mellom 31. desember 2025 og 2. januar 2026 og registrera desse så snart som mogleg på nettstaden artsobservasjoner.no.
Om ein ønsker å følga med på konkurransen kan ein finna lister som blir oppdaterte fortløpande på nettstaden fuglar.no/nyttaarskryss.
Årskavalkade: Frå vinterbading til VM-medaljar