Herold

Skal ha hamna i fysisk klammeri: – Ei slik hending skal ikkje skje

Plus
Kilde: NH Author: Kasper Valestrand Published: 2025-12-30 10:04:12
Skal ha hamna i fysisk klammeri: – Ei slik hending skal ikkje skje

Måndag føremiddag opplevde ein bussjåfør å hamne i konflikt med ein passasjer.

– Vi prøver å klare opp i kva som har skjedd. Det er litt ulike forklaringar frå dei involverte partane.

Det seier politioverbetjent Ivar Holmaas om hendinga som oppstod på ein buss måndag føremiddag. Politiet rykte ut etter at det var komme melding om ein konfrontasjon mellom ein passasjer og sjåføren av bussen.

– Det skal ikkje vere snakk om eit fysisk angrep, men det skal ha vore fysisk kontakt der, seier Holmaas om konfrontasjonen der passasjeren først skal ha vore fysisk mot sjåføren.

Konflikten mellom dei to oppstod på ein buss som på det tidspunktet var i Eikanger-området i Alver.

Har oppretta sak

I følge kjelder i bussjåførmiljøet skal bussen ha vore på veg frå Myking mot Knarvik. Etter den fysiske konfrontasjonen ringte sjåføren til politiet, bussen stoppa deretter ved hagesenteret ved Sauvågen og politiet tok hand om passasjeren.

Holmaas fortel at politiet har oppretta sak på hendinga. I etterforskinga vil dei mellom anna sjå på om det er mogleg å hente noko ut frå kameraovervakinga som skal ha vore installert på bussen.

Det lokale politiet er klare på at dei ikkje er glade for at konfrontasjonen oppstod. Holmaas peiker på at folk skal få oppleve å vere trygge når dei er på arbeidsplassen sin.

– Ei slik hending skal ikkje sjå når nokon er på jobb.

🏷️ Extracted Entities (5)

Ivar Holmaas (person) Eikanger-området i Alver (organization) Knarvik (place) Myking (entity) Sauvågen (entity)