Herold

Ønskjer kontakt med vitne etter knivtruslar

Plus
Kilde: HF Author: Kristin Eide Published: 2025-12-30 10:08:41
Ønskjer kontakt med vitne etter knivtruslar

Seint søndag kveld fekk Hardanger politistasjon melding om at ein mann skal ha truga ein annan person med kniv på torget i Odda sentrum. Hendinga skjedde i tidsrommet 23.15-23.20, og ein patrulje rykte ut til staden.

– Politiet snakka med den fornærma, og reiste så vidare for å finna den mistenkte. Patruljen kom i kontakt med nokon i samband med dette, men dei nekta å ha kjennskap til episoden, opplyser politioverbetjent Bodil Nakkerud ved Hardanger politistasjon.

Derfor ønskjer politiet no å koma i kontakt med vitne til hendinga, eventuelt personar som har kjennskap til saka. Dei ber også om video frå staden, slik at dei kan avklara kven som var involvert.

– Vi har snakka med den fornærma, men personen er førebels ikkje formelt avhøyrt. Politiet har oppretta sak, avsluttar Nakkerud.

🏷️ Extracted Entities (3)

Bodil Nakkerud (person) Hardanger (entity) Odda (entity)