Herold

Slik blir du oppsagt i Sør-Aurdal

Plus
Kilde: Valdres Author: Jan Henrik Bakke Published: 2025-12-30 08:59:00
Slik blir du oppsagt i Sør-Aurdal

Her gjer kommunen reint bord.

Som i så mange andre kommunar, må også Sør-Aurdal kutte ned på utgiftene. Årsaka er trong økonomi, og tøffe prioriteringar går jo oftast ut over nokon. I år vart mellom anna utgiftene til tredirigentar for kor og korps offer for sparekniven. Vanlegvis går jo slike prosessar føre seg ved at ein informerer dei tilsette om at innsparing må til, følgt av at partane drøftar moglege løysingar. (I andre Valdres-kommunar har ein til dømes auka eigenbetalinga frå kor og korps, og unngått oppseiingar.)

Men ikkje i Sør-Aurdal. Her gjer kommunen reint bord. Dirigentane fekk varsel om oppseiing i posten 20. november, utan informasjon eller drøftingar på førehand, korkje med kor, korps, eller dirigentar. Oppseiingane vart stadfesta med kommunestyrevedtak 11. desember, så her skal ingen klage over sein saksbehandling.

Ironisk nok er dirigentane kalla inn til møte på nyåret. Mistanken er sterk om at desse samtalane mest skal tene til at Sør-Aurdal kommune kan hevde at dei følgjer opp arbeidsgjevaransvaret sitt. Skal tru kor det ansvaret var parkert tidlegare i prosessen, altså før kommunestyremøtet? Og kva for arbeidsgjevaransvar kan kommunen ivareta når stillingane alt er borte?

Nei, ein prosess med oppseiing først og drøftingar etterpå, er ikkje å ta ansvaret som arbeidsgjevar alvorleg. Det strir mot prinsippa for god saksbehandling, og det er respektlaust overfor kor, korps og dirigentar.

For min eigen del har eg vore tilsett i Sør-Aurdal kommune sidan 1983, som lærar og seinare rektor i skulen, og som kordirigent frå 1994. I mange år var eg hovudtillitsvalt, og har opplevd min del av kuriøse personalsaker med kommunen som motpart. Men denne prosessen er verkeleg noko utanom det vanlege. Når eg no blir sagt opp, truleg frå august neste år, etter 43 års teneste i Sør-Aurdal kommune, vil eg seie at det blir ein trist sorti.

Jada, jada, eg veit eg er «eldre», og eg veit at dei fleste i koret eg dirigerer er like grå i håret som eg. Og desse oppseiingane gjeld jo berre nokre få, ikkje sant? Vi dirigentar har dessutan nesten komisk små stillingar, så kor viktig er det vi driv med, eigentleg? Korkje administrasjon eller kommunestyre er særleg talrikt representerte på kor- og korpskonsertar, og då kjennest kanskje ikkje tapet så tungt? Er kor- og korpsaktivitetar i det heile tatt noko å sakne, no når Valdres etter kvart har fått eit godt tilbod av kjende (og dyre) artistar på turne? Det er jo mange flinke folk som gjestar kommunane våre med flotte konsertar og eit imponerande apparat.Men dei kjem ikkje til aldersheimen, spelar ikkje på 17. mai, eller opptrer på kulturkvelden. Dei lagar ikkje lokale show, konsertar eller revyar. Blir det ikkje litt for stille i bygda dersom kor- og korpsmedlemane hiver notane i peisen og heng hornet på veggen?Det får våge seg at det kanskje finst dei som meiner at det er nett i hornet på veggen eg høyrer heime med denne protesten mot ein uakseptabel prosess frå Sør-Aurdal kommune.

Jan Henrik Bakkeeks-lærareks-hovudtillitsvalteks-rektor– og snart eks-dirigent

🏷️ Extracted Entities (2)

Sør-Aurdal (place) Jan Henrik Bakkeeks-lærareks-hovudtillitsvalteks-rektor– (organization)