Herold

Meir kraft treng meir forutsigbarheit – ikkje mindre

Plus
Kilde: GD Author: Ole Tvete Muriteigen, ordførar i Sør-Fron Published: 2025-11-26 19:39:41
Meir kraft treng meir forutsigbarheit – ikkje mindre

Finansdepartementet har sendt på høyring eit forslag om å senke nedre grense for grunnrente- og naturressursskatt frå 10 MVA til 1,5 MVA. Forslaget ligg òg inne i regjeringa sitt budsjettopplegg for 2026. Inntektene til staten er budsjetterte til rundt 800 millionar kroner. Pengar distriktskommunane sanneleg treng meir enn staten.

Kraftselskap, LVK-kommunar, Småkraftforeninga og kraftselskap har engasjert seg i saka. Det er veldig bra.

Dette innlegget byggjer på LVK si høyringsuttale, som er tydeleg på at endringa vil svekke satsinga på fornybar energiproduksjon, skape usikkerheit og bryte med rammevilkår småkraftnæringa og kraftselskap har innretta seg etter.

I tillegg vil endringa nok ein gong flytte svært store verdiar frå distrikta til staten.

Auka grunnrenteskatt i 2027 for Gudbrandsdal Energi Produksjon er estimert til ca. 6,5 millionar kr.

Redusert verdi på kraftverka Åkvisla og Vinkelfallet og selskapet svekker utbytteevna til eigarkommunane og reduserer eigedomsskatten til vertskommunane.

Det er gjort store investeringar i anlegg med svært lang levetid med utgangspunkt i eit regelverk staten sjølv har bestemt. Når rammene blir endra i ettertid, svekker dette tilliten og grunnlaget for investeringsavgjerda. Nettopp tillit og stabilitet er avgjerande dersom vi skal få meir fornybar kraft i åra framover.

Vi er på tur mot eit kraftunderskott her i landet, og da blir dette forslaget – med respekt å melde – rart.

Regjeringa peikar på at dagens 10 MVA-grense har ført til tilpassingar.

Det kan det sikkert finne enkelte eksempel på, men er òg ein konsekvens av statens eigne val.

Å rette opp med ny og tyngre skattlegging av småkraft og kraftselskap er verken god energi- eller distriktspolitikk.

Skal Norge ha lykka med seg i å bygge ut meir fornybar energi, treng vi forutsigbare og langsiktige rammer. Investeringar i småkraft krev mykje privat, langsiktig kapital og risikovilje – alt dette blir svekka dersom spelereglane blir endra undervegs.

Regjeringa må derfor halde fast ved dagens terskel på 10 MVA.

Meir kraft treng meir føreseielegheit og langsiktigheit – ikkje mindre.

🏷️ Extracted Entities (8)

Gudbrandsdal Energi Produksjon (person) LVK (entity) LVK-kommunar, Småkraftforeninga (organization) MVA (entity) MVA-grense (entity) Norge (entity) Vinkelfallet (entity) Åkvisla (entity)