Når systemet bommar, og menneska betaler
Plus
Det plingar i alt som kan plinge. BankID, NAV, Skatteetaten, alle dei digitale organa som passar på både livet og humøret ditt.
For ei tid attende kom meldinga frå NAV som alltid får hjartet til å hoppe eit lite ekstra slag:
Det er noko nesten religiøst ved det.
Som ein høgtid du aldri bad om å feire.
Ein slags «Nådens år 2024»,
berre utan nåde.
Eg loggar inn, tek eit pust, og der står det:
8 380 kroner for mykje utbetalt.
Det rare er at eg ikkje blir sint.
Berre sånn ... stille skuffa.
Den typen skuffelse du får når staten lanserer eit nytt, «forbetrande» system, og alle veit at det kjem til å fungere som ein brøytebil utan skjær.
Eg klarer meg fint.
Eg har buffer, struktur og system.
Ein eigen «i tilfelle NAV sentralt får ein kreativ dag» konto.
Eg smiler og tenkjer at dette går over.
Men så les eg vidare. Og den absurde logikken syner seg:
• NAV sentralt gjer feil.
• NAV sentralt oppdagar at NAV sentralt har gjort feil.
• NAV sentralt ber Skatteetaten krevje inn pengane.
• og Skatteetaten seier: «Ok, men vi veit eigentleg ikkje kva som skjer her».
Det minner litt om når toget står stille på Dovrebanen og beskjeden er:
«Vi ventar på meir informasjon.»
Frå kven?
Ingen veit.
Men alle ventar.
Eg ler, for alternativet er å gråte.
Men midt i latteren kjem ettertanken.
For dette går bra for meg.
Dette er ikkje ei krise.
Men kven andre blir ramma av slike systemfeil?
Her oppe i dalen finst det mange som ikkje har ein bufferkonto, ikkje har råd til uventa trekk, ikkje har overskot til å forstå kva som eigentleg skjer.
For nokon betyr 8 380 kroner at ein må velje vekk både medisinar og middag den same veka.
Eg tenkjer på ho som står i kassa på Kiwi og tel kronestykke, med eit blikk som seier: «Eg håpar kortet går gjennom.»
Og han som brukar heile føremiddagen på telefonkø til NAV sentralt, berre for å gi opp minuttet før nokon faktisk svarar.
Desse menneska skal systemet ta vare på. Men når NAV sentralt bommar, fell ansvaret nettopp på dei som har minst margin til å bere det.
Det er her humoren sluttar å vere berre humor, og blir eit lite stikk. For i eit system som hevdar å gi tryggleik, er det ofte dei mest sårbare som må rydda opp i feil dei ikkje har gjort.
Eg ønskjer ikkje å sparke dei lokale NAV-tilsette, dei er ofte varme folk som møter vanskelege situasjonar dagleg. Men når den sentrale maskina køyrer på autopilot, og folk må betale prisen for ein teknisk glipp i ein nasjonal algoritme, då er det noko grunnleggjande skeivt.
I eit av verdas rikaste land kan ein feil på ein server i Oslo velte økonomien til eit heilt menneske her i Gudbrandsdalen. Og det burde ikkje vere slik.
Eg betaler inn mine 8 380 kroner. Eg har råd. Men eg håpar oppriktig at neste gong NAV sentralt snublar, så landar dei ikkje på ryggen til dei som allereie ligg nede.