Bremanger kommune på ville vegar
Plus
Å sprengje i sundstorslegen og vakker fjellnatur og byggje vindkraftverk for at ei rik kommune skal få pengar til å byggje ny skule er gale. Det er like gale som å skyte nashorn i Afrika og bruke berre hornet som potensmiddel.
Det er i same gjengen som nashornjegerane at Bremanger kommune no plasserer seg når dei opnar for at det skal greiast ut vindkraft på fire urørte fjell i indre Bremanger. Og det gjer dei på toppen av alt med omfattande brot på vallovnader frå siste val.
Jørund Nygårdhar nyleg på Facebooksida til Motvind ytre Fjordane dokumentert kor omfattande lovnadsbrota frå dei politiske partia er når det gjeld vindkraft. Det er enda meir omfattande enn eg hadde trudd!
Leiarane i Venstre, Ap, Høgre, KrF, og til og med Senterpartiet, sa i 2023 på VG sin valgomat at dei ikkje vil byggje ut meir vindkraft i sitt nærområde. Etter valet har dei snudd og saman med dei fleste partirepresentantane, stemde dei ja til å opne for utgreiing av vindkraft på Myklebustfjellet, Ramsskredfjellet, Handkletua og Snøfjellet.
Slik rundlurte dei veljaranesom stemde på dei! Er haldninga i kommunestyret at brot på lovnader ikkje er noko å bry seg med? Eller satsar dei på at dei klarar «å ro seg ut av det» ved hjelp av maktteknikkar?
Det er ikkje berre eg som blir opprørt når politikarar lyg og bryt vallovnader som om det skulle vore heilt normalt. Etter å ha gått rundt og sanka underskrifter for folkeavstemming om vindkraft i kommunen så veit eg at det er svært mange som er opprørt og skuffa over det som går føre seg i kommunestyret.
Eg tykkjer Hilde Sandvik uttrykte det godt på radioprogrammet Norsken, dansken og svensken nyleg; «Når nokon normaliserer noko som eg før trudde var gale så gjer det noko med meg, for det flytter gjerdestolpane»
Det skin igjennom at nokon i kommunen brukar ny skule i Svelgen som påskott for vindkraftverket. Men har nokon tenkt på kva slag omdømme denne skulen vil få når den blir bygd på eit fundament av brotne vallovnader og rasering av kommunens finaste naturverdiar og landskap?
Skal skulen bli eit monument som seier at løgner, lovnadsbrot og svik løner seg her i Bremanger? Skal «gjerdestolpane» til elevane flyttast slik at dei trur det er slik det skal være? Kva slag kultur og haldningar er det vi då vil byggje hos borna i kommunen? Forstår ikkje politikarane at dette ber gale i veg?
I følge SSB har Bremanger kommune hatt eit sterkt økonomisk overskot på rundt 7 % i snitt av brutto driftsinntekter dei siste fire åra. I 2024 var driftsresultatet på 36 millionar kroner (6,3 % av brutto inntekter). Det var det nest beste i heile Vestland. Vil kommunen ha ny skule så får dei det utan å sprengje sund fire nye fjell - og utan å meske seg med økonomiske potensmiddel!
«Slik ein reier, slik ligg ein»seier eit gamalt ordtak. Eg trur ikkje at samfunnet kan fortsetje å gå framover og bli betre når vi gir blaffen i å forhalda oss til grunnleggjande normer for god skikk og etikk i politikken. Når våre politiske leiarar normaliserer brot på normene som er fundamentet i samfunnet, då får vi eit samfunn i forfall! Det gjer vondt å sjå på at det skjer.