Herold

Mann dømd for drapstruslar mot taxisjåfør

Plus
Kilde: Firdaposten Author: Svend Arne Vee Published: 2025-12-30 04:03:00
Mann dømd for drapstruslar mot taxisjåfør

Ein mann frå Kinn er dømd til 30 dagar ubetinga fengsel for å ha truga ein taxisjåfør med å ta livet hans. Mannen forma handa som ein pistol og sa «eg skal ta livet ditt».

Sogn og Fjordane tingrett har dømd mannen for to tilfelle av truslar etter straffelova § 263. Begge hendingane skjedde i november og desember i fjor.

Truga både med ord og handling

Den første hendinga skjedde 26. november i fjor ved Markegata i Florø. Der forma den tiltalte handa som ein pistol, simulerte at han løyste skot mot taxisjåføren og sa: «Eg skal ta livet ditt.»

Tre veker seinare, natt til 14. desember, gjentok han trusselen, då i Strandgata i sentrum. Då sa han «you are a dead man» til sjåføren, forma igjen handa som ein pistol og simulerte skot. Han la til at han skulle helsa frå ein tredjeperson og seie at taxisjåføren var ein «dead man».

Video dokumenterte andre trussel

Den andre hendinga vart filma, og videoen vart framvist i retten. Der ser ein tydeleg at mannen rettar fingeren mot fornærma med tommelen opp, før han løfter fingeren samtidig som han lagar ein lyd som etterliknar eit skot.

Mannen erkjende ikkje skuld etter tiltalen, men retten fann det bevist utover rimeleg tvil at han hadde handla som beskrive i tiltalen.

I rettsforhandlingane blei det stadfesta at den tiltalte og den fornærma hadde ein konflikt gåande, etter ei hending i jula 2023 som impliserte familien til den tiltalte. Retten vektla ikkje dette som noko formildande omstende i si behandling – heller ikkje det faktum at trugsmåla blei framsett i rusa tilstand.

Taxisjåførar treng vern

Retten la vekt på at truslane vart fremsette medan fornærma sat i taxien sin, som er arbeidsplassen hans. Som taxisjåfør har han eit serviceyrke der han stadig møter ukjende menneske og er i ein utsett posisjon.

«Taxisjåførar har såleis eit behov for særleg vern,» skriv retten i dommen.

Dommen i tingretten blei avsagt 13. november i år, og ifølgje mannens forsvarar Bente Hermansen, blei saka anka til lagmannsretten. Men Gulating lagmannsrett avslo å ta opp saka, med grunngjevinga at dommen frå tingretten var korrekt.

Dommen er difor rettskraftig.

I tillegg til 30 dagars fengsel utan vilkår blei den tiltalte også dømd til å betale 2500 kroner i sakskostnader til det offentlege.

🏷️ Extracted Entities (7)

Bente Hermansen (person) Fjordane (entity) Florø (entity) Gulating (entity) Kinn (entity) Markegata (entity) Strandgata (entity)