Lyktestolpen
Plus
Det er lett Ă„ finne noko i «systemet» som ikkje fungerer heilt slik ein kunne ynskje. Det gjer eg ĂČg.
I bussen til viktig behandling pÄ Haukeland sjukehus festa eg blikket pÄ ein lyktestolpe i vegkanten. DÄ byrja eit ras av tankar. Kven hadde sett opp den stolpen, og kvifor? Lyset var til nytte for svÊrt mange, men dei som trong lyset, hadde ikkje gjort noko for at han stod der og gav tenesta til dei.
Kunne dei vegfarande sjÞlv sÞrgje for lys i stolpar langsetter vegen nÄr dei trong det? Stolpen mÄtte dei skaffe frÄ ein skog. Lampa i toppen mÄtte dei fÄ tak i. Viss ingen hadde laga slike lamper, ville det krevje svÊrt mykje. Og korleis skulle lampa fÄ straum for Ä lyse? Dei mÄtte byggje eit kraftverk med generator i ei elv, og fÄ tak i leidning for Ä fÞre straumen fram til lampa. Generator og koparleidning er ikkje sÄ enkelt Ä lage, heller.
SÄ korleis har det gÄtt til at det finst sÄ mange menneskeskapte ting som er til nytte for oss? PÄ turen til Haukeland kan eg nemne i fleng: Ferje over fjorden, med motor, drivstoff og mannskap. Buss med sjÄfÞr, og ein plan for at bussar korresponderer, sÄ eg kjem dit eg vil. Vegar til Ä kÞyre pÄ, med asfalt, skilting, trafikklys, autovern m.m. Busshaldeplassar med ly for dei som ventar. Butikkar der ein kan kjÞpa seg mat, utan Ä mÄtte dyrke han sjÞlv og ta maten med pÄ turen.
Framme pÄ Haukeland fekk eg hjelp av godt utdanna, hyggjelege menneske, eg fekk overnatta, full pensjon, prÞvetaking med utstyr i verdsklasse, og sÄ fekk eg fleire stoff inn i blodÄrane; stoff som eg aldri hadde vÄga Ä bruke viss ikkje fagfolk hadde forska i Ärevis og funne ut at det kunne hjelpe. - SÄ heim att i drosje. Ikkje eit Þre Ä betale!
Det er ikkje alle i verda som fÄr tilgang til slikt, og iallfall ikkje utan Ä betale sjÞlv.
Har eg teke dette systemet for gjeve? Det er bygt opp av forfedrane og -mÞdrene vÄre gjennom mange hundre Är, og dei fekk ofte ikkje sjÄ verknadane av det det dei jobba for, men dei tenkte langsiktig, pÄ etterkomarane sine. I landbruket har det lenge vore ei dygd Ä kunne levere garden vidare til neste generasjon i betre stand enn dÄ ein sjÞlv overtok.
Dei som jamt og trutt har forma samfunnet vÄrt i Noreg, har hatt nokre gode ideal, og dei har bygt pÄ tillit til medmenneske. Karrige kÄr og stor motstand frÄ naturkrefter har kravt samarbeid og vilje til Ä hjelpe dei som vart hardast rÄka. DugnadsÄnd. Og den gylne regelen i etikken, som i kulturen vÄr har vore halden hÞgt av kristendomen: «Gjer mot andre slik du vil at andre skal gjere mot deg».
Vil vi ta vare pÄ desse verdiane, og overlata til borna vÄre eit samfunn som er betre enn det vi overtok? Eg ser urovekkjande endringar. Globalisering og pÄverknad frÄ mellom anna sosiale medium snik seg inn i kvardagen og undergrev det gode. Kynisme, egoisme og trÄ etter rikdom likesÄ. Statsleiarar og andre med stor makt gjer sitt til Ä ta motet frÄ mang ein idealist. Makt er i stor grad knytt til pengemakt. Samling av store verdiar pÄ fÄ hender kan undergrave demokrati og gode samfunn.
Det er lett Ă„ finne noko i «systemet» som ikkje fungerer heilt slik ein kunne ynskje. Det gjer eg ĂČg. Og er det noko vi kan gjere noko med, sĂ„ skal vi gjere det. Heldigvis finst det mange enno, som held fast ved «Ä gjere si plikt og krevje sin rett», i den rekkjefylgja. Berre klaging gjev sjeldan gode endringar, mellom anna fordi den som klagar, blir for oppteken av det negative.
Det aller meste fungerer svÊrt godt her hos oss. Turen til Haukeland ga meg nokre tankar. Eg trur eg vaks litt pÄ den reisa.