Herold

Dette handlar ikkje om rutinar – men om sviktande leiing

Plus
Kilde: Firdaposten Author: Frank-Thomas Ellingsund Published: 2025-11-26 04:00:00
Dette handlar ikkje om rutinar – men om sviktande leiing

K*ommunedirektør *Øyvind Bang-Olsen prøver i Firdaposten å forklare dei veksande innsynsproblema i Kinn med «tunge krav», kunstig intelligens og redusert bemanning. Det er ei forteljing som skal flytte merksemda frå kva som eigentleg skjer.

Dette handlar ikkje om rutinar.Det handlar om praksis, kultur – og leiing.

Openheitsplikta er klar. Men vert broten – systematisk

Bang-Olsen skriv at kommunen «sjølvsagt» gjev innsyn innan tre arbeidsdagar. Det høyrest pent ut. I praksis skjer det motsette.

Innbyggjarar opplever:

Dette er ikkje arbeidsmengde skapt av innsyn.Dette er arbeidsmengde skapt av dårleg saksbehandling.

Når ein ser på innsynssakene sjølve, er årsaka klinkande klar. Dersom kommunen hadde tatt seg tid til å gå gjennom dei innsynssakene som har hopa seg opp, ville dei sett noko heilt tydeleg:

Den auka arbeidsmengda skuldast ikkje innbyggjarane. Den skuldast saksbehandlarane sjølve.

Når kommunen trenerer innsyn unødvendig, gir feil avslag, bruker feil lovheimlar og svarer utan realitet, må sakene gjerast fleire gonger – og først då blir det arbeidskrevjande.

Dette er eit sjølvskapt problem.

Og det mest alvorlege: Det er dei same saksbehandlarane som går igjen

For mange som faktisk har sendt innsynskrav til Kinn, er mønsteret tydeleg:

Dette burde få alarmklokkene til å ringe hos kommunedirektøren.

Når ei lita gruppe saksbehandlarar står for ein stor del av feila, treneringa og konfliktene, er ikkje dette eit systemproblem – det er eit leiingsproblem.

Og når desse saksbehandlarane i tillegg svarer på innsyn som om dei eig Kinn kommune, og ikkje som offentleg tilsette bundne av lov og forvaltningsskikk, då bør Bang-Olsen verkeleg vakne.

Kinn kommune har mange tilsette i stillingar med heile alfabetet av rådgjevar-, leiar- og konsulenttitlar.Likevel ser vi gong på gong at:

Tittelen «spesialkonsulent» forpliktar. Men berre dersom kommunen set krav – noko leiinga openbert ikkje gjer.

Kommunedirektøren* *ser alt – men gjer ingenting

Dette er det mest alvorlege av alt:

Bang-Olsen er fleire gonger sett på kopi i innsynssaker der kommunen openbert bryt offentleglova – men han grip ikkje inn.

Når toppleiaren ser:

…og likevel let det halde fram, må ein stille spørsmålet:

Er han i det heile i stand til å leie ein administrasjon som skal forvalte innbyggjarane sine rettar?

Når arkivleiaren etterlyser kursing – då er det verkeleg alvor.

Eg har sjølv snakka med arkivleiaren i samband med ei innsynssak. Ho var open om frustrasjonen sin, og peikte konkret på at her trengst kursing i offentleg forvaltning.Ho snakka om at kommunen faktisk burde ha kurs – fordi praksisen ikkje er god nok.

Når dei som faktisk kan lovverket seier dette, burde det få Bang-Olsen til å stoppe opp.

Kommunen treng* *ikkje fleire rutinar. Kommunen treng ei openheitsreform.

I staden for å leggje skuld på kunstig intelligens, tunge krav og lav bemanning, bør kommunen starte der problema oppstår:

Innsyn er ikkje problemet.Innsyn avslører problemet.

*Akkurat no *avslører det ei kommune som har mista kontroll på eigne verdiar og eigen praksis.

  • unødvendig trenering
  • bruk av feil lovheimlar
  • avvisande og undertida hissige svar
  • månadsvis korrespondanse for heilt enkle innsyn
  • behov for gjentatte klager til Statsforvaltaren

  • Dei same saksbehandlarane går att i sak etter sak.

  • Det er dei same som trenerer.
  • Det er dei same som brukar feil lovheimlar.
  • Det er dei same som gjev svar som manglar realitet.

  • ein spesialkonsulent, som skal vere fagleg sterk og trygg, trenerer innsyn og kjem med lite saklege og til dels smaklause tilbakemeldingar.

  • feil lovbruk

  • trenering
  • mistenkeleggjering
  • manglande realitetsvurdering
  • arrogant tonebruk

🏷️ Extracted Entities (7)

Bang-Olsen (entity) Dei (entity) Firdaposten (entity) Innsyn (entity) Kinn (entity) Statsforvaltaren (entity) Tittelen (entity)