Herold

No skal det fiskast meir av desse gigantane

Plus
Kilde: Firdaposten Author: Svend Arne Vee Published: 2025-11-26 07:13:02
No skal det fiskast meir av desse gigantane

Styremaktene aukar kvoten på makrellstørje dei neste tre åra.

Norge får auka makrellstørjekvote med 25 prosent til 461 tonn for dei neste tre åra. Det melder Norges Fiskarlag.

Den internasjonale kommisjonen for bevaring av atlantisk tunfisk (ICCAT) har vedteke ein auka totalkvote for makrellstørje, og Noreg har i tillegg fått auka nasjonal del. Auken gjeld for åra 2026, 2027 og 2028.

Fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss understrekar betydninga:

– Makrellstørja er no veletablert i norske farvatn, og fiskemoglegheitene er betre enn nokon gong. No må vi byrje å utnytte denne fantastiske ressursen.

Med ei kvotefleksibilitet på 20 prosent kan Norge fiske opptil 535 tonn makrellstørje i 2026. Næss legg til at det har vore utfordrande å fiske opp kvoten tidlegare:

– Dei siste åra har vi ikkje klart å fiske opp den norske makrellstørjekvoten, noko som har lagt press på oss i forhandlingane. Dette er ein førsteklasses matfisk og ein ressurs vi bør klare å utnytte fullt ut.

🏷️ Extracted Entities (6)

Dei (entity) Fiskarlag.](https://fiskarlaget.no/far-ta-mer-storje/) Den (organization) Makrellstørja (entity) Marianne Sivertsen Næss (person) Noreg (entity) Norge (entity)