Herold

Raudt med alternativt budsjett. Vil ikkje legge ned verken Krokane eller Raudeberg skule

Plus
Kilde: Firdaposten Author: Arne Hjorth Johansen Published: 2025-11-26 23:40:55
Raudt med alternativt budsjett. Vil ikkje legge ned verken Krokane eller Raudeberg skule

Raudt legg fram sitt eige budsjettforslag for 2026–2029, og varslar at partiet vil sikre framleis drift ved bĂ„de Krokane og Raudeberg skule gjennom heile Ăžkonomiplanperioden

Blir ikkje ofra

Trur pÄ meir pengar frÄ staten

– Vi var spente pĂ„ om det var mogleg Ă„ lage eit ansvarleg budsjett med framleis drift ved alle skulane slik vi lova veljarane vĂ„re. Det har vi klart, seier gruppeleiar Daniel Henriksson. i ei pressemelding.

Han avviser at satsinga pÄ Ä halde fleire skular opne gÄr pÄ kostnad av oppgraderinga av FlorÞ barneskole.

– FlorĂž barneskule blir ikkje ofra. Vi anerkjenner behovet for oppgradering av skulen, men det er klart behovet for pengar der er vesentleg mindre nĂ„r den skulen ikkje skal ta imot 70 prosent av elevane frĂ„ Krokane. Vi har difor sett av samla vel 100 millionar til FlorĂž barneskole.

Halvparten av dei pengane vil Raudt og Henriksson bruke pÄ ny gymsal.

I sitt alternative budsjett stoppar Raudt fleire av innsparingane kommunedirektÞren hadde foreslÄtt, sÊrleg i oppvekstsektoren. Mellom anna:

Raudt legg ikkje opp til Ä auke skatten pÄ eigedom. For Ä fÄ sitt budsjett til Ä gÄ opp har dei lagt inn ei forventa auke i rammeoverfÞringane frÄ staten som fÞlge av dei pÄgÄande budsjettforhandlingane pÄ Stortinget.

I tillegg har dei budsjettert med noko hÞgare skatteinngang og redusert lÄneopptak. Dei gjer ogsÄ nokre omprioriteringar samanlikna med kommunedirektÞren sitt framlegg.

– I heile tatt meiner vi dette er eit mykje betre budsjett for dei som treng det mest, seier Henriksson.

Samtidig understrekar han at ogsÄ Raudt sitt budsjett inneheld eigne kutt.

– Det blir tungt Ăžkonomisk framover, og ogsĂ„ vĂ„rt forslag inneber innsparingar pĂ„ mange omrĂ„de. Det unngĂ„r vi dessverre ikkje.

Fleirtalskoalisjon sikrar fleirtal for Kinn-budsjett: – Vi mĂ„ prioritere tĂžft, men klokt

đŸ·ïž Extracted Entities (12)

Blir (entity) Daniel Henriksson (person) FlorĂž (entity) FlorĂž barneskole (place) Henriksson (entity) Kinn-budsjett (entity) Krokane (entity) Raudeberg (place) Raudt (entity) SFO (entity) Stortinget (entity) Trur (entity)