Herold

NRK må stemme nei til Israel si deltaking i Eurovision

Plus
Kilde: Firdaposten Author: Ingvild Haavet Bjørnson, på vegner av styret i Palestinakomiteen i Sunnfjord, Førde Published: 2025-11-27 07:00:00
NRK må stemme nei til Israel si deltaking i Eurovision

*Den 5. desember *skal NRK stemme i Den Europeiske Kringkastingsunionen (EBU) om Israel skal få delta i Eurovision Song Contest 2026. Vi oppmodar NRK til å stemme nei.

Når ein stat gjer seg skuldig i folkemord og alvorlege brot på folkeretten, kan vi ikkje late som ingenting i Europas største underhaldningsprogram.

Israel held fram med bombinga av Gaza, blokaden og undertrykkinga av palestinarane, trass den såkalla våpenkvila. FNs granskingskommisjon og menneskerettsorganisasjonar som Amnesty International, Human Rights Watch, Al-Haq og B’Tselem konkluderer alle med at Israel gjer folkemord og held oppe eit apartheid-system – eit brotsverk mot menneskeslekta.

NRK er ein del av EBU og har stemmerett. Som allmennkringkastar har NRK et særleg ansvar for å stå opp for menneskerettar og pressefridom. Når 256 palestinske journalistar er drepne på to år, kan ikkje NRK bidra til å normalisere Israel sine overgrep ved å la landet bruke Eurovision som arena for omdømmevasking.

Vi krev at NRK *stemmer for å stenge ute Israel frå Eurovision på EBU-møtet i desember. Dersom Israel likevel får delta, bør Norge *trekke seg frå konkurransen.

*Dette handlar *ikkje om politikk, men om å stå opp for folkeretten og for de grunnleggande verdiane Eurovision sjølv er bygd på.

🏷️ Extracted Entities (13)

Amnesty International, Human Rights Watch, Al-Haq (organization) B’Tselem (entity) Den Europeiske Kringkastingsunionen (organization) Dersom Israel (person) EBU (entity) EBU-møtet (entity) Europas (entity) Eurovision (entity) Eurovision Song Contest (person) Gaza (entity) Israel (entity) NRK (entity) Norge (entity)